Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:91 (2008-2009)
Innlevert: 15.10.2008
Sendt: 16.10.2008
Besvart: 24.10.2008 av helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Som statsråden er kjend med gjennom regionrådet i Nordfjord har Helse Førde gjennomført ei ortopediplan som slår uheldig ut for pasientane i Nordfjord-regionen. Nordfjord sjukehus har høg kompetanse innanfor ortopedi, og har fram til no kunne ha gjennomført dei aller fleste inngrep innanfor dette området. Ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus får no ikkje lov til å behandle pasientar som treng traumehandtering.
Vil statsråden tillate at slike uverdige forhold rammar store pasientgrupper i Nordfjordregionen?

Begrunnelse

Dei negative konsekvensane av sentraliseringsvedtaket som styret i Helse Førde har gjort, har vore grundig belyst av NRK Sogn og Fjordane, aviser i fylket, og ikkje minst frå primærlegane i Nordfjord.
Vedtaket råkar pasientar på den måten at dei får lang transport og må ligge opp til eit døgn ved Sentralsjukehuset i Førde før dei vert behandla.
Dette kan ikkje vere hensiktsmessig, hverken medisinfagleg eller økonomisk, når det ved Nordfjord sjukehus er ei operativ avdeling, både av ortopedar og anestesilegar.
Det må også nemnast at ortopediplanen seier at mindre ortopedisk inngrep utan anestesi kan behandlast på dagtid poliklinisk. Dette vil medføre at eit påstarta inngrep som då viser seg ikkje kan gjennomførast med lokalbedøving, har legane fått klar beskjed om at pasienten skal pakkast inn og sendast med sjukebil til Førde.
Dette på tross av at det er ledig kapasitet ved Nordfjord sjukehus.
Desse uverdige forholda, som statsråden sjølv kan lese i lokalmedia i Sogn og Fjordane, fører berre til ein ting, å undergrave helsereforma.
Det ser ut no som at det er berre statsråden som kan forhindre at desse uverdige forholda skal kunne halde fram.
Årstida vi no går inn tilseier at eldre folk har behov for ortopedisk behandling på grunn av fallskade, og eg tenkjer med gru på dei lidingane pasientane vert påført, dersom sentraliseringsvedtaket vert oppretthaldt.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Eg har vore i kontakt med Helse Vest RHF på bakgrunn av representanten sitt spørsmål. Eg viser også til tidligare svar frå departementet den 10. juni i år på spørsmål nr. 1197.

Som kjent har ein gjennomgått ortopeditenestene i Helse Førde HF.

Det fins ortopediske tenester ved tre sjukehus i helseføretaket (Førde, Lærdal og Nordfjord). Helse Vest RHF fortel meg at det i eit område med 106 000 innbyggarar ikkje er grunnlag for å ha parallellkompetanse på alle tre stader. Kvaliteten skal ein ta vare på gjennom funksjonsfordeling og spesialisering. Dette er i tråd med Regjeringa si Soria Moria-erklæring, der det vert slått fast at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, men at arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehusa skal vidareførast for å sikre kvalitet.

Helse Vest RHF informerer meg om at Plan for ortopediske tenester i Helse Førde ligg fast med akuttberedskap innan ortopedi ved dei nemnte sjukehusa i Helse Førde. I tråd med dette vil traumebehandling/ØH som krev operasjonsteam bli samla ved Førde sentralsjukehus, eventuelt bli sendt til Haukeland universitetssjukehus ved større skader. Det vert vidare gjennomført ei meir spesifisert arbeidsdeling mellom sjukehusa.

Grunnlaget for vedtaket i ortopedisaka er utgreidd i samarbeid med fagmiljøa, og det vart semje om hovudprinsippa. Større skadeortopedi som krev narkose vart då i tråd med dette vedteke samla ved Sentralsjukehuset i Førde, som har generell akuttfunksjon i føretaket. Eit tilstrekkelig volum for å sikre utdanning av nye ortopedar var også eit viktig moment i vurderinga. Talmaterialet syner også at mange inngrep blei gjort svært sjeldan ved fleire av seksjonane. Samstundes er det planlagt å legge til rette for at rehabiliteringa av pasientar frå lokalsjukehusområda i størst mogeleg grad skal skje lokalt.

Helse Vest RHF fortel meg at målet for omorganiseringa er å skape ei kvalitativ god og bærekraftig traumebehandling for heile befolkninga i fylket. Negative effektar som lengre transportar for ein del pasientar er moment som har vore drøfta under arbeidet, men transporttida har blitt funne akseptabel og medisinsk forsvarleg. Det må understrekast at støttande og lindrande behandling inkludert smertebehandling ikkje er knytt primært til sjølve det ortopediske inngrepet, men finn stad under heile behandlingsforløpet, også i ambulansen.

Alle sjukehusa i helseføretaket vil ha døgnkontinuerleg ortopedivakt og skadepoliklinikk. Dei fleste pasientane får av denne grunn også god hjelp ved sitt lokalsjukehus.

Eg har forståing for at endringar i tenestetilbodet kan vekke bekymring, men eg har på bakgrunn av utgreiinga frå Helse Vest RHF tillit til at styret i Helse Førde HF utviklar gode tenester i tråd med dei styringsmessige rammer og i tråd med Regjeringa si Soria Moria erklæring.

Helse Vest RHF opplyser at dei følgjer omstillingsprosessane i Helse Førde HF tett. I samband med ei konkret pasientsak er det teke initiativ til ein fagleg revisjon, som også vil kunne seie noko meir generelt om arbeidsdelinga mellom sjukehusa innan ortopedi, og eventuelt gi grunnlag for justeringar.