Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:300 (2008-2009)
Innlevert: 19.11.2008
Sendt: 20.11.2008
Besvart: 26.11.2008 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Norsk bistand til Latin-Amerika blei nær dobla frå 2006 til 2007. I Utanriksdepartementet sin budsjettproposisjon blir dette forklart med store utbetalingar frå Norfund og SN-Power til Peru og Chile. På spørsmål opplyser departementet at SN Power sine enkeltinvesteringar ikkje blir innberetta som bistand.
Kan departementet presist forklare kva som blei innberetta til OECD som bistand (ODA) til Chile og korleis dette blir definert som bistand (ODA) etter OECD sine reglar?

Begrunnelse

Utanriksdepartementet sin budsjettproposisjon gjev denne forklaringa på at norsk bistand (ODA) til Latin-Amerika blei omtrent fordobla frå 2006 til 2007: ”Denne kraftige auken skuldast primært store utbetalingar frå Norfund og SN-Power til Peru og Chile.” Då KrF i arbeidet med finansinnstillinga spurde nærare om dette og kva slags heimel det var for å rekne det som ODA-bistand i henhald til OECD sine reglar, svarte departementet at ”SN Power Invests enkeltinvesteringar blir ikkje innberetta som del av norsk bistand".
Det ser ut som om desse opplysingene strir mot kvarandre, og departementet har i svaret sitt på KrF sitt spørsmål ikkje gjort sitt til å avklare kva som eigentleg er innberettiga.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Den samla offentlege norske bistanden til Chile i 2007 besto av desse innraporterte tiltaka (tal i 1000 NOK):
AID - Arbeids- og inkluderingsdepartementetRefugees in Norway1 672
Flacso - Facultad Latinoamericana de Ciencias SocialesNon-proliferation/Disarmanent in Latin America638
Generalkonsulat New YorkChatham House meeting - SSOD-IV132
LO - Landsorganisasjonen i NorgeNorwegian delegation to Chile238
Statkraft Engineering asSNPI225 000
I alt 227 680

Den store auken i norsk bistand til Chile skuldas Norfund og SN Power si verksemd i Chile. SN Power sine einskilde investeringar vert ikkje innberetta som del av norsk bistand, men Norfund sine eigenkapitalinnskot i SN Power vert innberetta som ein del av norsk offentleg bistand. Med Norfund sin noverande eigarandel i SN Power, er det altså helvta av investeringane som vert innberetta som bistand.
Rapportering av Norfund sine eigenkapitalinnskot i SN Power er i samsvar med vilkåra i OECD DACs regelverk for bistand (DAC Statistical Reporting Directives, DCD/DAC(2007)34, punkt 1.44.)