Skriftlig spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:423 (2008-2009)
Innlevert: 10.12.2008
Sendt: 11.12.2008
Besvart: 18.12.2008 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Korleis er startløyvinga på ein million kroner til informasjonssenteret for sjøfuglvern på Værlandet i Askvoll kommune nytta, og kva løyvingstakt for restløyvinga legg departementet opp til?

Begrunnelse

Informasjonssenteret for sjøfuglvern på Værlandet, i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane er kostnadsrekna til om lag 11 millionar kroner. Finansieringa er tenkt løyst med lokale, fylkeskommunale og statlege midlar. Initiativtakarane har søkt om ei statleg løyving (frå Miljøverndepartementet) på 3,6 mill. kr over tre år. I budsjettinnstillinga for 2007 fekk informasjonssenteret positiv omtale, men inga løyving. I budsjettet for 2008 vart det derimot lagt inn ei startløyving på 1 mill. kr. Denne løyvinga vart tolka som at heile søknaden var innvilga og at restløyvinga ville kome dei to påfølgjande åra. Det er ikkje avsett noko eksplisitt løyving i 2009-budsjettet til dette prosjektet.


Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Det planlagde informasjonssenteret for sjøfugl på Værlandet i Askvoll kommune fekk øyremerka ein million kroner over statsbudsjettet i 2008. Også i 2009 vil senteret få ei løyving på ein million over kap 1427 post 76.

Departementet har motteke ei skisse frå prosjektgruppa for informasjonssenteret. Her er det beskrive korleis ein har planar om å bygge opp senteret. Planane går på korleis ein fysisk skal etablere senteret, kva slags innhald det skal ha og kven som skal arbeide vidare med prosjektet.

Eventuelle ytterlegare løyvingar må vurderast i samband med budsjettet for 2010.