Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til finansministeren

Dokument nr. 15:511 (2008-2009)
Innlevert: 12.01.2009
Sendt: 12.01.2009
Besvart: 21.01.2009 av finansminister Kristin Halvorsen

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Fleire og fleire kommunar innfører og utvidar grunnlaget for eigedomsskatt. Bømlo kommune har nyleg vedtatt å innføre eigedomsskatt og har samstundes vedtatt eit prosentvis botnfrådrag og maks eigedomsskatt på kroner 2.000,- for heilårsbustad og maks kroner 3.000,- for fritidsbustad.
Meiner finansministeren at dette er i samsvar med lov om eigedomsskatt?

Begrunnelse

Vilkåra som Bømlo kommunestyre har ved vedtatt er mellom anna:

- Det vert innført eit generelt botnfrådrag på min 10 % av verditaksten.
- Maksimal årlig skatt for heilårsbustad i 2009 vert sette til kr. 2.000,-
- Maksimal årlig skatt for fritidsbustad i 2009 vert sett til 3.000,-

Underteikna viser også til spørsmål nr. 1228, datert 26.09.2006 og spørsmål nr. 1362, datert 07.09.2007 der finansministeren i begge svara bekrefta at eit prosentvis botnfrådrag var i strid med lov om eigedomsskatt. Ber om at dette svaret blir stadfesta og at finansministeren også gjev si vurdering av om vilkåra i 2. og 3. strekpunkt er lovleg. Dersom svaret er at dette er i strid med gjeldande lovverk ber eg også om ei vurdering av om finansministeren meiner det er behov for å iverksetje tiltak for å opplyse dei ulike kommunane korleis lov om eigedomsskatt er å forstå.

Kristin Halvorsen (SV)

Svar

Kristin Halvorsen: Eigedomsskatt er ein kommunal skatt på fast eigedom som vert skriven ut i den einskilde kommunen, jf. lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova). Eigedomsskatten er frivillig for kommunen, og det er kommunestyret i kvar kommune som avgjer om kommunen skal ha eigedomsskatt, og kor omfattande utskrivinga skal vere innafor dei ulike alternativ i lova.

Kommunane har stor valfridom ved utforming av eigedomsskatteregimet sitt, men må halde seg innafor lova sine moglege løysingar. Valfridomen gjeld mellom anna skattesats, frådrag, fritak mv. Eventuell bruk av ein såkalla reduksjonsfaktor i takseringa er også ein del av valfridomen.

Kommunen kan derimot ikkje vedta generelle maksimalgrenser i skatten utover dei nemnde vala. Det følgjer av lova at eigedomsskatten skal reknast ut i frå skattetaksten på eigedomen og skattesatsen. Difor kan ikkje kommunen fastsetje generelle maksimalgrenser for eigedomsskatt. Lova tillet ikkje at skattesatsen kan setjast til 0 på takstverde som overstig ei beløpsgrense. Eit fastsett maksimum for sjølve skattebeløpet har same effekt som ein slik 0-sats, og vil likeeins vere i strid med lova.

Eigedomsskattelova § 28 gjer det likevel mogleg å gjere unnatak frå hovudregelen ved å lempe skatten i særskilde høve, men regelen gjeld ikkje generelt.

Reglane om botnfrådrag er dei same som då eg svarte på spørsmål nr. 1228 frå stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter, og eg viser difor til svaret mitt av 3. oktober 2006 når det gjeld denne delen av spørsmålet:

”Etter eiendomsskatteloven § 11 annet ledd kan kommunestyret fastsette bunnfradrag i eiendomsskatten for alle selvstendige boenheter i faste eiendommer som ikke blir benyttet i næringsvirksomhet. Det framgår ikke uttrykkelig av loven om bunnfradraget skal settes til et fast beløp eller om det alternativt kan settes til en prosentsats av boligenhetens verdi. Imidlertid vil en lovtekst om et standardfradrag per eiendom normalt måtte oppfattes som et likt fradrag per eiendom. Gradering etter verdikriterier ville kreve særskilt lovregulering. Departementet har også tidligere uttalt at fradraget skal utgjøre et fast beløp som fradras i taksten. Det vil si at eiendomsskatteloven inneholder et progressivt element ved at kommunen kan velge å innføre et fradrag i taksten på bolig- og fritidseiendommer med et fast beløp (bunnfradrag). Loven gir ingen begrensning i fradragets størrelse, men fradraget kan ikke settes så høyt at det reelt vil innebære et generelt eiendomsskattefritak for det store flertall av boligeiendommer i kommunen.”

Departementet vil ta kontakt med Bømlo kommune på grunnlag av opplysningane i denne saka.