Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:563 (2008-2009)
Innlevert: 22.01.2009
Sendt: 22.01.2009
Besvart: 28.01.2009 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Vil Utanriksdepartementet snarast beklaga det som har skjedd ved ambassaden i Saudi-Arabia, og treffa konkrete tiltak for at noko slikt ikkje skjer igjen?

Begrunnelse

KrF krev at UD snarast beklagar det som har skjedd ved ambassaden i Saudi-Arabia, og at det vert gjort konkrete tiltak for å sikra at noko slikt ikkje skjer igjen. UDs fråsegn så langt tyder på at saka ikkje vert teke på alvor. Denne saka kan øydelegga for Noregs rolle som fredsmeklar i Midtausten. Dette er ei rolle som no trengst meir enn nokon gong.
Ein medarbeidar ved den norske ambassaden i Saudi-Arabia samanliknar i ein e-post Israels angrep på Gazastripa med Holocaust.
Det er tragisk at over 1300 menneskje har mista livet i Gaza, mange av dei sivile. Men samanlikninga med Holocaust, der nazistane medvetent tok livet av over 6 millionar sivile jødar, er heilt ute av proporsjonar.
The Economist seier på leiarplass at det er “umåtelig trist og grotesk urettferdig”, når nokon hevdar at Israel opptrer som nazistane gjorde. Det er KrF samd i. Drap på sivile skal alltid kritiserast, men ikkje berre når det er snakk om Israel.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Ein tilsett ved ambassaden i Riyadh med administrative oppgåver har sendt vidare ein e-post med bilete som samanliknar Israels okkupasjon av palestinarane i dag med Nazi-Tysklands behandling av jødane under andre verdskrig.
Synspunkta som vert presenterte i e-posten er private og representerer ikkje på nokon måte synspunkta til Utanriksdepartementet eller regjeringa sin politikk.
Eg vil få understreke at Regjeringa tek sterk avstand frå samanlikninga som er gjort i eposten.
Under krigen i Gaza har eg vore i nær dialog med Det mosaiske trussamfunnet i Noreg. Eg har i den samanhang understreka Regjeringa sitt ansvar for å verna våre norske jødar i denne situasjonen. Eg understreka òg Noreg sitt historiske ansvar i denne samanhangen.
Mi vurdering er at UD-tilsette er profesjonelle og opplyste nok til å sjå det store biletet i dei sakene dei arbeider med. Dei syner dagleg at dei er i stand til å skilje mellom private haldningar og offisiell norsk politikk. Denne konkrete hendinga med e-post frå ein tilsatt ved ambassaden i Riyadh ser eg som eit unnatak.
Sjølve saka vil handsamast som ei intern personalsak.