Skriftlig spørsmål fra Gunvald Ludvigsen (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1055 (2008-2009)
Innlevert: 23.04.2009
Sendt: 23.04.2009
Besvart: 04.05.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Gunvald Ludvigsen (V)

Spørsmål

Gunvald Ludvigsen (V): Kva vil statsråden gjere for at den planlagde framdrifta av utbetringsarbeidet på Sandane lufthamn vert oppretthalden?

Begrunnelse

Styresmaktene har sett tryggingskrav til flyplassane i Noreg. Det vert no arbeidd fleire stadar med planar om utvidingar av rullebanar mv. for å tilfredsstille desse krava. Dette gjeld mellom anna Sandane lufthamn i Gloppen kommune, Nordfjord. Det er kome signal om at utbygginga vil bli utsett og i verste fall lagt på is.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Regjeringa er oppteken av å ha eit godt og teneleg flytilbod i heile landet. Dette er ein viktig del av satsinga frå Regjeringa på å ta heile landet i bruk, og sikre vekst og utvikling i lokalsamfunn i heile landet.

Samfunnsoppdraget til Avinor er å drive eit landsomfattande nett av lufthamner og ei samla flysikringsteneste. Avinor skal sjølv i størst mogleg grad finansiere verksemda gjennom eigne inntekter og intern samfinansiering.

Avinor står overfor store investeringar dei neste åra, og har utfordringar med å finansiere alle investeringane. Utfordringane har vorte skjerpa ved at både passasjertalet og inntektene har falle den siste tida som følgje av den internasjonale finanskrisa. Dette fallet i passasjertalet gjev utfordringar, både for flyselskapa og Avinor.

Avinor vart omgjort til eit statsaksjeselskap i 2003, og er såleis ansvarleg for sine eigne investeringar. Selskapet står no overfor krevjande avvegingar mellom å gjere investeringar i prosjekt som sikrar den økonomiske bereevna til selskapet på lang sikt, og prosjekt som er naudsynte for at selskapet skal kunne vareta samfunnsoppdraget på kort sikt. For meg er det viktig å understreke at tiltak som rettar seg mot tryggleiken til dei reisande må prioriterast.

Avinor har vedteke å utsetje investeringar i tryggleiksområde og lysanlegg på fleire lufthamner, mellom anna Sandane lufthamn, Anda. Dette er investeringar som er naudsynte for å oppfylle krava i føresegna om utforming av store flyplassar. Ei utsetjing av investeringane kan føre til at Luftfartstilsynet stiller krav om kompenserande tiltak, noko som kan medverke til å redusere transportstandarden på desse lufthamnene.

Eg har bede Luftfartstilsynet om å kome med ei vurdering av saka. Eg viser til Soria Moria-erklæringa som slår fast at flyplasstrukturen skal oppretthaldast, og at Avinor må rette seg etter tydelige føringar frå eigar.

Eg har tidlegare varsla ei stortingsmelding om verksemda i Avinor no i vår. Som følgje av utviklinga den siste tida er det naudsynt for meg å gå grundig gjennom rammevilkåra for Avinor, og vurdere desse opp mot dei oppgåvene selskapet er sett til å løyse. Dette arbeidet er eg i full gang med. Resultata av desse vurderingane vil eg kome attende til i stortingsmeldinga.