Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1212 (2008-2009)
Innlevert: 19.05.2009
Sendt: 20.05.2009
Besvart: 02.06.2009 av kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Som statsråden sikkert er kjent med er det usikkerheit og forvirring rundt den kommunale forvaltning om bygging i strandsona innanfor 100-metersbelte i distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Eg viser til mitt spørsmål nr. 1167 til miljøvernministeren og svar på dette. Slik eg kan tolkar svaret vil dette føre til sterk reduksjon av det kommunale sjølvstyret, og skape eit stort byråkrati rundt byggesaker.
Ser ikkje statsråden at dette vil hemme utvikling og vekst i både fylke og kystkommunane i Sogn og Fjordane?

Begrunnelse

Bakgrunnen for at spørsmålet er stilt er det same som ligg i mitt spørsmål til miljøvernministeren, at sentrale Senterpartirepresentantar har reist rundt og hevda at den nye plan- og bygningslova skulle gjere det enklare å få bygge i strandsona innanfor 100-metersbelte. I svaret frå miljøvernministeren ligg det ei opning for differensiering i strandsonepolitikken i fylke som Sogn og Fjordane.
Det som vidare går fram av svaret tolkar eg slik at det vert store byråkratiske prosessar når både staten gjennom fylkesmannen og fylkeskommunen skal overprøve kommunane sine planer, og skal kunne ha innsigelsesrett på desse.
Erfaringsmessig veit ein at slike prosessar vil ta lang tid, som hemma utvikling og vekst. Dette går klart fram i skriv frå enkeltpersonar, verksemder og politikarar ifrå kystkommunar i Sogn og Fjordane.
Eg meinar at dersom ikkje forskriftene som miljøvernministeren henviser til i sitt svar på mitt spørsmål er avklarande når det gjeld bygging innanfor 100-metersbelte, er dette eit klart brot på dei lovnadar som har vore gjeve i samband med den nye plan- og bygningslova.
Det er kommunalministeren som har ansvaret for den kommunale forvaltninga, og er etter mitt syn den rette til å svare på dette spørsmålet.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Sjølv om eg som kommunal- og regionalminister har eit sentralt ansvar for den kommunale forvaltninga, ligg likevel eit spørsmål om bygging innanfor 100-metersbeltet i strandsona under Miljøvernministerens ansvar som øverste planstyremakt etter plan- og bygningslova. Eg vil difor vise til Miljøvernministerens svar i spørsmål nr. 1167. Etter kontakt med Miljøverndepartementet meiner eg at tidlegare svar også er dekkande for den utdjupinga representanten Starheim har i dette spørsmålet. Eg viser såleis til avslutninga i svaret frå Miljøvernministeren, som lyder:

”Strandsonen er av nasjonal betydning, og det er bakgrunnen for at det er et generelt byggeforbud i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbudet videreføres og strammes inn i den nye plandelen i plan- og bygningsloven. I forbindelse med ny lov har Regjeringen bestemt at det skal utarbeides statlige planretningslinjer for en geografisk differensiert strandsonepolitikk, som tar hensyn til ulikhetene langs kysten. Miljøverndepartementet arbeider med et utkast til retningslinjer, som skal sendes på høring før de vedtas. Etter retningslinjene vil det bli enklere å få tillatelse til å bygge i områder med mindre press på arealene, enn i områder der presset er stort.
Sogn og Fjordane er et fylke med mindre press på arealene, og der behovet for næringsutvikling og arbeidsplasser er viktig. Nye etableringer må likevel vurderes konkret i forhold til hensynet til friluftsliv, naturvern, landskap, kulturmiljø og andre allmenne interesser.”