Skriftlig spørsmål fra Ivar Kristiansen (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1380 (2008-2009)
Innlevert: 18.06.2009
Sendt: 19.06.2009
Besvart: 29.06.2009 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Ivar Kristiansen (H)

Spørsmål

Ivar Kristiansen (H): I det omfattende luftfartsmiljøet i Bodø fryktes det for konsekvensene av Avinors planer for nedklassifisering av Bodø Lufthavn. Samtidig som det kun er Bodø Lufthavn i nord som betaler maksimale avgifter, bidrar dette til at lufthavnen kan bli mindre konkurransedyktig enn andre stamflyplasser i nord.
Vil Avinors nedklassifisering av Bodø Lufthavn føre til at kompetanse og stillinger fjernes fra Bodø, og vil statsråden sørge for at Bodø kan tilbys avgiftsnivå på linje med andre stamflyplasser i nord?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: I spørsmålet blir det for det fyrste vist til det som blir kalla Avinors planar for ei nedklassifisering av Bodø lufthamn.

Dette spørsmålet har vore lagt fram for Avinor. Avinor legg til grunn at spørsmålet viser til den såkalla organisasjonsutviklingsprosessen som for tida går føre seg i Avinor. Avinor opplyser at eitt av alternativa som blir greidd ut, er å samle dei fire største lufthamnene (Oslo/Gardermoen, Stavanger/Sola, Bergen/Flesland og Trondheim/Værnes) i ein eigen divisjon. Ifølgje Avinor er det for tidleg å seie om ei eventuell omorganisering av verksemda vil ha konsekvensar for bemanning på Bodø lufthamn.

For meg er hovudmålet at Avinor driv lufthamnene på ein sikker og effektiv måte, og at det tenestenivået vi har i dag blir halde oppe. Styret og den daglege leiinga har ansvaret for å organisere verksemda slik at desse måla blir nådde. Det viktigaste for meg i denne saka er at tenestenivået på Bodø lufthamn blir halde oppe.

I spørsmålet blir det vidare vist til at Bodø lufthamn betaler maksimale avgifter.

I takstregulativet til Avinor er det ei ordning med 30 prosent rabatt i startavgifta som omfattar lufthamnene nord for Bergen med unntak av Trondheim lufthamn, Værnes, og Bodø lufthamn. Føremålet med ordninga er å medverke til å halde nede billettprisane og sikre marginale kommersielle flyruter i distrikta. For meg er det viktig at denne ordninga blir førd vidare. Omfanget av ordninga blir jamleg vurdert, mellom anna i lys av EØS-regelverket for statsstøtte.