Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:17 (2009-2010)
Innlevert: 09.10.2009
Sendt: 13.10.2009
Besvart: 21.10.2009 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Etter det ein kan sjå skal fordeling av post/pakkar til deler av Sogn og Fjordane no skje frå Molde i staden for frå Ålesund, som det har vore siste tida. Dei berørte brukarane i Sogn og Fjordane er redd denne endringa vil medføre langt seinare post til og frå fylket, noko som dei meiner med god grunn er heilt utilfredsstillande.
Kan statsråden love at dei planlagde endringane i distribusjon av post/pakkar frå Molde ikkje vil gje ei dårlegare ordning for brukarane i Sogn og Fjordane enn tidlegare frå Ålesund?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Vurderinga av Posten-konsernets terminalstruktur er ein del av konsernets omstillingsprogram Spinnaker, som skal forbetre lønnsemda i konsernet med 2,3 milliardar kroner dei neste tre åra. Omstillingsprogrammet er satt i gang for å kompensere for volumfall og konsekvensen dette har for lønnsemda innanfor postsegmentet. Endringane i brevmarknaden er varige. Posten kan ikkje forvente at voluma som forsvinner nå, vil komme tilbake. Posten må derfor tilpasse seg denne utviklinga og gjere tiltak i tide. Omstruktureringar i drifta vil kunne få konsekvensar for både kundane og dei tilsette. Posten har i samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane prøvd å finne dei beste løysningane, både for å få lagd ein ny, forsvarleg driftsstruktur og for at omleggingane skal få minst mogeleg verknad for dei tilsette. Dessutan arbeider Posten for at omleggingane skal vere til minst mogeleg ulempe for kundane.

Arbeidet med terminalstrukturen har blant anna vore basert på at etableringa av ny Austlandsterminal saman med volumnedgangen, gjer at ein annan type terminalstruktur vil gi meir effektiv og forbetra postdistribusjon i landet enn det dagens terminalstruktur gir. Det har derfor også vore nødvendig å sjå på terminalstrukturen i Møre og Romsdal. Her har det vore to store brevterminalar liggande forholdsvis nært kvarandre geografisk.

Når det gjeld flyttinga av brevproduksjonen i Møre og Romsdal, var det ei samla vurdering som førte til at Molde blei vald framfor Ålesund. Det Posten la størst vekt på i vurderinga var omsynet til Postens kundar, effektiviseringsvinster, kor eigna postterminalen er, miljøomsyn og nærleik til flyplass. Postens kostnadsreduksjonar er vesentleg større ved flytting til Molde, samstundes som dette er den einaste av dei to terminalane som kan handtere heile volumet som i dag blir sortert i Ålesund og Molde. Når Posten i tillegg kunne redusere talet på flygingar med påfølgande reduksjon i CO2-utslipp ved å velge Molde, meiner Posten at ein har funne ei løysning som vil minimere uønskte konsekvensar samstundes som Posten får gjennomført ein heilt nødvendig tilpassing av kostnadene.

Omlegginga av terminalstrukturen i Møre og Romsdal vil gi mindre servicemessige konsekvensar for enkelte stader i Sogn og Fjordane. Heilt konkret gjeld serviceendringane følgjande:

- Innleveringsfrist: 11 stader i Nordfjord får tidligare innleveringsfrist. 8 stader får frå 15 – 30 min. tidligare innleveringsfrist, mens 3 stader får frå 45 – 60 min. tidligare frist.

- Boksleggingsfrist: 5 stader i Nordfjord får posten seinare tilgjengeleg i postboksane. I eitt tilfelle er endringa på 75 min., mens 4 andre stader vil få boksposten utsortert frå 15 – 45 min. seinare.

- Framsendingstid: Ein stad (Stadlandet) vil få 2 dagars framsendingstid for A-post og Bedriftspakke Ekspress som innleverast til landpostbodet. Post som innleverast til den faste ekspedisjonsstaden vil framleis ha overnattframsending.

- Hentefrist: Ein kunde med henteavtale vil få pakkar henta 45 min. tidligare.

- Aviser: Det blir arbeida med å finne løysningar for 3 aviser som blir trykte i Ålesund, og som vil få nytt innleveringspunkt. Aktuelle alternativ er identifiserte, og Posten er i dialog med kundane om ny løysning.

- Postomdelinga: Enkelte stader vil postomdelinga starte/avslutte litt seinare enn i dag. Det blir arbeida med å minimalisere konsekvensane for endringar i omdelingstidspunkt, derfor er det foreløpig ikkje klårt kva for stader dette vil omfatte.

Posten Norge er organisert som eit aksjeselskap fullt ut eigd av staten. Selskapsforma byggjer på ei klar rollefordeling mellom staten som eigar og selskapsleiinga. Selskapsleiinga har ansvaret for den forretningsmessige drifta av selskapet og skal arbeide for at dei måla som eigaren set for verksemda blir ivaretekne. Det er med andre ord styret i Posten og Postens daglege leiing sitt ansvar å sjå til at konsernet har ein forsvarleg driftsstruktur innanfor dei rammene som er lagde for Postens verksemd. Postens leiing må derfor kontinuerleg vurdere behovet for terminalar tilpassa postvoluma og strukturen på heile terminalsystemet i Noreg. Dette inneber også at talet på tilsette må tilpassast behova ved dei ulike terminalane. Slik planen no er, skal pakkeproduksjonen framleis behaldast i Ålesund også etter 2012, som derfor vil sikre at arbeidsplassane knytte til denne produksjonen ikkje står i fare i nær framtid. Dette er også avklart med arbeidstakarorganisasjonane.

Det er derfor for meg, som samferdsleminister, ikkje mogeleg å gi lovnader om at det ikkje vil komme fleire omleggingar i terminalstrukturen i framtida. Også desse endringane vil kunne gi mindre endringar i tilbodet til kundane. Posten må heile tida syte for at selskapet kan utføre dei tenestene det er pålagt frå samfunnet, på ein best mogeleg måte, med minst mogeleg ulemper for kundane og dei tilsette.