Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:147 (2009-2010)
Innlevert: 05.11.2009
Sendt: 05.11.2009
Besvart: 11.11.2009 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Det har vore stor frustrasjon over mange stengde fjellovergangar i Sogn og Fjordane på vintertid. Spesielt har verksemder og folk i Vik kommune vore svært misfornøgde med at Vikafjellet ofte har vore stengd på vinterstid, og frå politisk hald i Vik har det kome sterke krav om at fjellet må haldast døgnope. Strynefjellsvegen er også ei viktig transportåre for næringslivet og folk flest.
Vil statsråden syte for at det vert avsett nødvendig midlar til å halde desse fjellovergangane døgnopne?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Vikafjellsvegen har tidlegare vore nattestengd i vinterhalvåret. Samferdselsdepartementet har no avgjort at denne vegen skal vera døgnopen frå og med vintersesongen 2009/2010. Når det gjeld Strynefjellet, har denne delen av riksveg 15 vore døgnopen i mange år.
Sjølv om desse vegane skal vera døgnopne, må tryggleiken til trafikantar og brøytemannskap ivaretakast. Dei to vegane kan difor verta stengde pga. uvêr eller ras/rasfare.
For å redusera tida med å opne vegen etter stenging, er det på Vikafjellet skaffa meir freseutstyr, og det vert gjennomført tiltak langs vegen for å letta opninga etter stenging.
Begge desse vegane er såleis døgnopne, og vert haldne opne så sant vêrtilhøva gjer det forsvarleg.