Skriftlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:338 (2009-2010)
Innlevert: 09.12.2009
Sendt: 10.12.2009
Besvart: 08.01.2010 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): For ikkje lang tid tilbake opplevde vi at ein rusa person døydde etter at han vart sett av bussen. Utfra dei opplysningane eg sit med er det ikkje grunn til å kritisera bussjåfør eller busselskap i høve til denne hendinga. Når vi opplever slike hendingar er det likevel grunn for å sette seg ned og sjå nærare på kva vi kan gjera betre.
Vil statsråden undersøkje nærare korleis vi kan unngå slike hendingar i framtida?

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: "I ”Vilkår for transport med rutegående busstrafikk i Norge” som er godkjent av Samferdselsdepartementet, står det m.a. at det er forbode å nyta drikkevarer som inneheld alkohol eller andre rusmiddel.

Av § 7 i desse vilkåra går det fram:

”Vognbetjeningen kan nekte å ta med reisende som er synlig påvirket av rusmidler eller som på annen måte kan bli til ulempe eller ubehag for de øvrige reisende. Reisende som opptrer usømmelig eller som på annen måte sjenerer de øvrige passasjerer, kan vises bort dersom de ikke etterkommer anmodning fra vognbetjening"

Slik eg kjenner denne tragiske saka frå media vart vedkomande, som seinare drukna, vist bort frå bussen og sett av ved ein haldeplass i Noresund. Bussjåføren varsla politiet, men det tok ein time før politiet kom fram til staden grunna eit anna oppdrag på det tidspunktet. Eg er samd med Hareide i at ein vanskeleg kan laste bussjåfør eller busselskap. Slik saka er framstilt kan eg heller ikkje sjå at det er grunnlag for å kritisera politiet, som med avgrensa ressursar ikkje kan vera alle stader samstundes.

Regelverket for passasjertransport med buss, som ligg under Samferdselsdepartementet sitt ansvarsområde, er gitt for å sikre ein trygg og teneleg transport for alle reisande med kollektivtransport. Eg meiner formålet med regelverket set grenser for kor langt ein bør gå i å regulere busselskapa sitt ansvar for passasjerar som vert sett av bussen eller for passasjerar som vert nekta påstiging av årsaker som nemnt ovanfor. Som elles i samfunnet har passasjerar eit personleg ansvar for sine handlingar og åtferd - også når det t.d. får som konsekvens at ein vert vist bort frå offentleg kommunikasjonsmiddel. Ingen kunne føreseie dei tragiske, og særs uvanlege konsekvensane som vart følgjene i dette spesielle høvet. Det er ikkje ønskeleg å lovregulere og leggje ansvar på kollektivselskap eller det offentlege i høve til alle moglege hendingar som kan oppstå etter at ein sjølvforskyldt har vorte sett av bussen, eller vorte nekta å bli med.