Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:452 (2009-2010)
Innlevert: 11.01.2010
Sendt: 12.01.2010
Besvart: 22.01.2010 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Offisielle tal viser at kommunal sektor har langt høgare sjukefråvere enn privat og statleg sektor har.
Er kommunalministeren tilfreds med dette eller vil ho iverksette tiltak og legge til rette for at sjukefråveret i kommunal sektor vert redusert?

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Regjeringa er uroa for den samla veksten vi har hatt i sjukefråveret i 2009. Vi tek dette på største alvor. Regjeringa har oppretta ei ekspertgruppe som skal vurdere mogelege tiltak for å redusere sjukefråveret. Gruppa skal leggje fram sin rapport og forslag til tiltak 3. februar. Dette arbeidet vil vi ta med inn i dei kommande forhandlingane om ny IA-avtale, der vi saman med partane i arbeidslivet skal drøfte korleis vi i fellesskap kan arbeide for eit redusert sjukefråvere. I tillegg skal eit regjeringsoppnemnd utval utgreie sjukefråveret i helse- og omsorgssektoren, og leggje fram sin rapport og forslag til tiltak innan utgongen av 2010.
Når det gjeld sjukefråveret i kommunal sektor, syner tala at ein her ligg om lag to prosentpoeng høgare enn privat og statleg sektor. Dette er eg ikkje nøgd med. I nokon grad kan ein forklare denne skilnaden med dei oppgåvene kommunane har ansvaret for. Om lag 80 prosent av kommunane si verksemd og tilsette er knytt til sektorane pleie- og omsorg og oppvekst. Dette er område med krevjande arbeid og tradisjonelt høgt sjukefråvær.
Til tross for dette meiner eg det er mykje kommunane sjølve kan gjere for å redusere sjukefråværet. Kommuneleiinga må saman med dei tilsette finne fram til dei gode tiltaka på lokalt nivå. Som kommunal- og regionalminister kan eg bidra til å auke kunnskapen om korleis ein kan lukkast med å redusere sjukefråveret, og spreie denne kunnskapen til kommunane. Eg trur nemleg det er mykje å lære av dei kommunane som over tid har hatt eit lågt sjukefråvere.
Ein del av desse kommunane finn vi mellom dei nær 140 kommunane som arbeider med sjukefråveret innafor ramma av ”Kvalitetskommuneprogrammet”. Det vi veit herfrå er at ein ikkje finn enkle løysingar for å få ned sjukefråveret i kommunal sektor. Erfaringane tilseier at det krev langsiktig og kontinuerleg arbeid. Vi veit at tydelege rutinar for oppfølging av sjukemelde er viktig for å få dei tilsette raskare attende i arbeid. Tilrettelegging på arbeidsplassen er eit anna tiltak som gjev resultat. Samstundes må kommunane samarbeide godt med Arbeids- og velferdsetaten og fastlegane om sjukefråversarbeidet. Det er mykje å hente på at arbeidsgjevar, fastlege og Arbeids- og velferdsetaten finn gode tiltak for den einskilde arbeidstakar.
I stort mon handlar dette om å prioritere sjukefråversarbeidet høgt, setje av ressursar til arbeidet og at leiarar på alle nivå i kommunane tek eit ansvar for sjukefråversarbeidet.