Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:730 (2009-2010)
Innlevert: 22.02.2010
Sendt: 22.02.2010
Besvart: 04.03.2010 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Synes ministeren 2 800 kroner er eit høgt beløp å betala for å kjøpe/fylle på ferjekort for å få rabatt på reisene, og vil ministeren vurdere å senke minsteprisen slik at også dei som ikkje klarar å sette av 2 800 kr på ein gong, men likevel er storbrukarar av ferjer, som til dømes studentar, kan få rabatten?

Begrunnelse

Rabatten til dei som reiser mykje med ferja har auka dei siste åra frå 40 % via 45 % til dagens 50 %. Aldri tidlegare har det løna seg så mykje å kjøpa ferjekort framfor å løyse enkeltbillett. Minsteprisen for å fylle på ferjekortet (forskottsbetaling) er 2 800 kroner. For mange hushaldningar, studentar og så vidare er 2 800 kr eit stort beløp. Dette medfører at ferjekortordninga bidrar til å auke skilet i befolkninga og dette er eit døme på ein ordning der det er dyrt å vera fattig. Spørsmålstilar er samd i at rabatten må vera for dei som nyttar ferjene mykje, men vil oppmoda ministeren å sjå på moglegheten å senke minsteprisen for påfylling av kortet. Bompengeavtalene rundt i landet har ein lågare minstepris og ein oppnår likevel rabatt.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Formålet med verdikort er å gje eit godt tilbod til dei som reiser mykje. Det ligg ein storbrukarrabatt i botn, og det ligg inga inntektsgradering i bruken av kort.
Spørsmålet om minstepris påverkar finansieringsgrunnlaget for ferjedrifta er lagt fram for Vegdirektoratet til vurdering. Direktoratet opplyser i svaret sitt at erfaringar tilseier at finansieringsgrunnlaget vil verta svekka dersom minsteprisen vert sett ned.
Rabattordningane på ferjer har dei siste åra vore under stadig vurdering og forbetring. I den samanhengen vil eg spesielt minna om at det er etablert eit felles rabattsystem for Statens vegvesen og fylka frå Rogaland til Sør-Trøndelag. Dette er eit tiltak som gjer det lettare å vera ferjereisande, og som isolert sett gjer det meir attraktivt å bruka verdikort. Det etablerte samarbeidet fører til at ei eventuell endring av minstepris må avklarast mellom dei samarbeidande fylkeskommunane og Statens vegvesen. Det må og avklarast kven som skal bera ansvaret for eit inntektsbortfall.
Ut frå ei samla vurdering vil eg ikkje på det noverande tidspunkt prioritera eit arbeid med å redusera minsteprisen.