Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:731 (2009-2010)
Innlevert: 22.02.2010
Sendt: 22.02.2010
Besvart: 01.03.2010 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kor tid ser ministeren for seg at det kan konkluderes i saka om små butikker (filialer) for Vinmonopolet.
Er det eit mål for ministeren å auke butikkdekningsgraden slik at større del av befolkningen har eit polutsal nærmare enn 30 km reise?

Begrunnelse

Styret i Vinmonopolet evaluerte torsdag 15. oktober prøveordningen med filialbutikker. Dei konkluderte med at forsøket var verdt å gå vidare med. Vinmonopolet kan bygge ut fleire slike små butikker etter at SIRUS ’Statens institutt for rusmiddelforskning’ og Helse- og omsorgsdepartementet har vurdert ordninga. Det er no 85-95 kommunar i landet utan polutsal. Denne ordninga vil kunne gje endå fleire lokalsamfunn vinmonopolutsal og ifylgje Vinmonopolet auke butikkdekningsgraden slik at fleire får eit polutsal nærmare enn 30 km reisetid.

Anne-Grete Strøm-Erichsen (A)

Svar

Anne-Grete Strøm-Erichsen: Det vart i 2006 avgjord at ein skulle sjå på høvet for at dei kommunane som ønskjer det, i utgangspunktet skal kunne få vinmonopolutsal. AS Vinmonopolet blei gitt i oppdrag å utgreie moglegheitene for dette og foreslo ein ny type utsal, kalla filial. Vinmonopolet fekk sommaren 2007 tilslutning til å opprette eit prøveprosjekt med inntil ni filialar.
Prøveprosjektet vart evaluert av Vinmonopolet med tanke på økonomi/drift, kunde til-fredsheit og medarbeidartilfredsheit, medan Sirus (Statens institutt for rusmiddel-forskning) har evaluert ordninga med tanke på alkoholpolitiske konsekvensar.
Eg ønskjer å legge til rette for at så mange kommunar som muleg skal få vinmonopol-utsal, men slik utbygging må skje innanfor økonomisk forsvarlege rammer og må òg vurderast ut frå alkoholpolitiske konsekvensar. Eg vil vurdere begge evalueringane nøye før eg tar stilling til konseptet for vidare utbygging. Deretter tar eg sikte på å informere Stortinget nærmare om vidare prosess for utbygging av Vinmonopolets salsnett i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010.