Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1634 (2009-2010)
Innlevert: 30.08.2010
Sendt: 30.08.2010
Besvart: 06.09.2010 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Har Regjeringa endra holdning til prioritering av beitedyrs forrang i såkalte prioriterte beiteområder, jamfør Soria Moria-erklæringa?

Begrunnelse

I media har vi gjennom beitesesongen så langt kunne registrere ulv i definerte prioriterte beiteområder. I bl.a. Rendalen kommune er det to år på rad søkt om å avlive ulveflokken i Osdalen.
I leveområdet til Osdalulveflokken er det omlag 200 ammekyr og i periodar opp til 1200 sauer. I tillegg er dette området kalveområde for Rendalsreinen.
Skadepotensialet er såleis betydelig og det blir peika på at dette er en snikinnføring av ulv ved gjenteke avslag på uttak av denne flokken.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Nei, regjeringa har ikkje endra haldning til geografisk differensiert forvaltning og prioritering av høvesvis beiteområde og yngleområde for rovvilt.

Det er i dag ein låg terskel for å gje løyve til skadefelling av ulv som gjer skade eller utgjer eit skadepotensial i prioriterte beiteområde. Denne beitesesongen er det skote fire ulvar (Ringebu, Rendalen, Engerdal og Lillehammer) etter skadefellingsløyve.

Når det gjeld Osdalsflokken i Hedmark har Miljøverndepartementet fleire gonger tidlegare i klagesaker helde ved lag avslag om felling av desse ulvane. Direktoratet for naturforvaltning har også i år avslege søknad om felling av Osdalsflokken, og vedtaket er påklaga. Eg vil ikkje uttale meg nærare om dette før saka er endeleg handsama.