Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:283 (2010-2011)
Innlevert: 12.11.2010
Sendt: 15.11.2010
Besvart: 22.11.2010 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til kommunelovas § 40, nr. 3, bokstav b, siste punktum, som gjeld kommunalt eller fylkeskommunalt tilsette med budsjettansvar, og om desse er inhabile eller ikkje ved handsaming av årsbudsjett og økonomiplan i folkevalt organ.
Er statsråden samd i at kommunalt og fylkeskommunalt tilsette med budsjettansvar er inhabile ved handsaming av årsbudsjett og økonomiplan i folkevalt organ?

Begrunnelse

Kommunelovas § 40, nr. 3, bokstav b lyder slik:

kommunalt og fylkeskommunalt ansatte som i denne egenskap har medvirket ved tilretteleggelsen av grunnlaget for en avgjørelse, eller ved tidligere avgjørelse i samme sak, skal alltid anses som inhabile når saken behandles i folkevalgt organ. Ved behandling av årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi og regional plan gjelder ikke første punktum."

Innhaldet i kommunelovas § 40 er etter mitt syn sjølvmotseiande, og bør klargjerast på ein mykje betre måte.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Føresegna i kommunelova § 40 nr. 3 bokstav b har to delar: Hovudregelen går fram av første punktum. Den inneber at ein folkevalt som også er tilsett i kommunen, er inhabil når same sak som den tilsette har medverka til å forberede i administrasjonen skal handsamast i folkevalt organ. Bakgrunnen for denne inhabilitetsregelen er at det er uheldig om ein tilsett i kommunen, gjennom handsaminga i politiske organ, skal kunne overprøve si eiga, ev. overordna si, saksførebuing. Med regelen vil ein både førebyggje situasjonar der same person kan ha avgjerande påverknad i fleire ledd i avgjerdsprosessen, og bidra til ei sterkare markering av skiljet mellom politiske og administrative funksjonar og dermed styrkje ansvarsforholda i kommunen.
I andre punktum er det likevel gitt eit unntak frå hovudregelen i første punktum. Det betyr at ein tilsett likevel ikkje er inhabil til å delta i handsaminga av "årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi og regional plan".
Dette unntaket kom inn i kommunelova i 1997 og byggjer på Ot.prp. nr. 58 (1995-1996). Departementet peika då på at i desse overordna sakene er mange tilsette i kommunen involverte i saksførebuinga. I lys av at desse sakene har stort omfang, vil likevel kvar einskild sin medverknad i saka ofte vere liten. Departementet peika og på at kombinasjonen av å vere folkevalt og tilsett i same kommune er relativt vanleg. Unntaket er såleis grunngjeve i at det er uheldig å utelukke ein stor del av dei folkevalte frå så sentrale og viktige saker som årsbudsjett og overordna planar. Det kan gjere det mindre attraktivt å ta på seg slike verv.
Unntaket inneber at ein ikkje blir inhabil etter kommunelova sine særlege reglar om inhabilitet. Likevel må inhabiliteten, som alltid, bli vurdert etter forvaltningslova § 6.
Mitt syn er at kommunelova § 40 nr. 3 bokstav b på ein god måte balanserer omsyna til at inhabilitetsreglane skal leggje til rette for ei tillitskapande forvaltning og ei brei folkevalt deltaking i lokalpolitikken, særleg i dei viktigaste overordna sakene i kommunen, som årsbudsjett og kommuneplan.