Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til fornyings-, administrasjons- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:904 (2010-2011)
Innlevert: 15.02.2011
Sendt: 16.02.2011
Besvart: 21.02.2011 av fornyings-, administrasjons- og kirkeminister Rigmor Aasrud

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): I fleire kyrkjelydar i Noreg har det vore konfliktar. Nokon av desse konfliktane har vore mellom kyrkjelyden og bispekontoret. I alle slike konfliktar er det viktig at kyrkja sitt eige demokratisk valde organ, soknerådet, kan spele ei sentral rolle.
Korleis vil statsråden sikra at demokratisk valde organ i kyrkja vert høyrde, og kan arbeida til glede og nytte for heile kyrkjelyden?

Begrunnelse

Det kan til tider sjå ut som om prestar har eit dårlegare rettsvern enn andre arbeidstakarar. Ei sak ifrå Osterfjorden prestegjeld i Bjørgvin bispedømme, kan tyda på at demokratiet står svakt i Kyrkja og at prestar har mindre råderett over sin arbeidssituasjon enn det som er vanleg. Gjennom lokalavisene kom det i løpet av 2008 fram at det var motsetnader mellom tre av dei tilsette i kyrkja på eine sida, - og soknerådet, fellesrådet, prosten og bispekontoret på andre sida. Presten vart ved fleire høve beden om å gå over i anna stilling eller ta studiepermisjon.
Det er framleis uklart kva konflikten kom av. Det har ikkje kome fram noko i presten si forkynning eller anna arbeid eller hans livsførsel som gjer han uskikka som prest, og det er god oppslutning om gudstenestene hans.
Ved soknerådsvalet i 2009 fekk presten stor tillit og støtte frå dei røysteføre. Valdeltakinga var uvanleg stor, over 30%, - og 4 av 5 medlemmer vart bytt ut.
Det nyvalde soknerådet har støtta presten, også gjennom ei tilsynssak gjennomført av Arbeidstilsynet sommaren 2010.
I samband med tilsynssaka, der bispekontoret skal syta for gode arbeidstilhøve for presten, nyttar biskopen sin styringsrett til å setja inn ein vikarprest for å betena dei som ikkje har tillit til soknepresten.
Fordelinga av gudstenester mellom dei to er for første halvår i 2011,
17 – 5, - i favør av vikarpresten. Denne fordelinga var ikkje soknerådet sin intensjon då dei godtok ei mellombels ordning med vikarprest. Det må oppfattast som ei rein audmjuking av soknepresten, og skal vara i to år.
Ordninga er uverdig og ikkje minst dyr. Vikarpresten må køyra frå Gulen til Ostereidet/Hjelmås, dvs ca 200km t/r fleire gonger kvar veke. For å gjera vikarpresten sin jobb i Gulen er det leigd inn ein pensjonert prest frå Arna som må køyra like langt motsett veg, - og han skal i tillegg ha løn.
Denne saka verkar opprørande på mange i prestegjeldet, og enkelte er også redde for at framtidas kyrkje vert meir autoritær og konservativ. Soknepresten har stor tillit blant folk nettopp fordi han representerer den opne folkekyrkja. Vi spør oss om soknerådsval har nokon verdi, og om bispekontoret har god nok kompetanse som arbeidsgjevar.

Rigmor Aasrud (A)

Svar

Rigmor Aasrud: Den norske kyrkja har ulike valde organ, til dømes sokneråd, kyrkjeleg fellesråd og bispedømmeråd, som alle har ansvar for ulike område innanfor den kyrkjelege verksemda. Lov 7. juni 1996 nr. 31 om Den norske kirke (kyrkjelova) § 9 seier kva slags oppgåver soknerådet har, mellom anna at soknerådet ”medvirker ved utnevning og tilsetting i kirkelige embeter og stillinger”, og at soknerådet skal ”uttale seg om endring i fordelingen av arbeidet mellom prestene i et prestegjeld der det er tilsatt mer enn en prest”.
Bispedømmerådet har mynde til å tilsetje sokneprestar og har også disiplinærmynde overfor desse. Dei alminnelege reglane i tenestemannslova om stillingsvern gjeld for prestar, som for andre tenestemenn. Det vil gjelde visse særreglar for prestar som er embetsmenn.
Biskopen er etter tenesteordning for biskopar § 2 den øvste leiaren for prestetenesta i bispedømmet og skal også samordne prestetenesta med verksemda til dei kyrkjelege råda. Biskopen kan delegere myndet etter denne paragrafen til stiftsdirektøren, som er dagleg leiar for bispedømmekontoret. Prosten leier prestetenesta i prostiet og hjelper biskopen i embetsutøvinga.
Det er dermed prosten, biskopen og bispedømmerådet som har det overordna ansvaret for prestetenesta, mens soknerådet skal medvirke ved særskilte tilfelle. Eg ser ikkje at det er grunnlag for å foreslå endringar i ordninga av tilhøve mellom råd og embete (prest) på det noverande tidspunkt.
Når det gjeld den konkrete saka representanten syner til i grunngjevinga for spørsmålet, har departementet den 21. januar 2011 fått ei utgreiing frå biskopen om situasjonen i Osterfjorden prestegjeld. Det er kjent at biskopen har nytta sin styringsrett for å bidra til å løyse konflikten i kyrkelyden. Eg vil ikkje her gå langt inn i ei konkret personalsak, men finn grunn til å peike på at Arbeidstilsynet, som representanten Hagesæter også nemner, har vore involvert i saka. Ved brev 21. juni 2010 gav Arbeidstilsynet Bjørgvin bispedømme og Lindås kyrkjelege fellesråd pålegg om å sette inn nødvendige tiltak for å betre arbeidsmiljøet for dei tilsette ved Ostereidet kyrkjekontor. Bakgrunnen for dette var at Arbeidstilsynet meinte at det var konfliktar av eit slikt omfang og styrke, at dei utgjorde ei fare for dei tilsette si helse. Arbeidsgivarane hadde dermed plikt til å sette i verk tiltak. Ved brev 14. september 2010 meddelte Arbeidstilsynet at dei vurderte pålegget som oppfylt.