Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:1461 (2010-2011)
Innlevert: 23.05.2011
Sendt: 24.05.2011
Rette vedkommende: Miljø- og utviklingsministeren
Besvart: 07.06.2011 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Ei kommune i Møre og Romsdal vil tvinge fleire grunneigarar til å avstå grunn til kommunalt byggefelt. Området vert i dag nytta til gardsbruk. Kommunen har iflg. grunneigarane ikkje henvendt seg til dei for dialog. Grunneigarane har no fått brev frå kommunen der det går fram at kommunen har bestilt arkeologar til graving i veke 35.
Er dette ein framgangsmåte frå kommunen si side overfor grunneigarane som statsråden er samd i, og er dette ein framgangsmåte som er i tråd med regelverket, og kven må betale arkeologane for utgravinga?

Begrunnelse

Ei kommune i Møre og Romsdal har planer om byggefelt på eit område som fleire grunneigarar nyttar til gardsbruk. Grunneigarane er stekt i mot at dette området skal nyttast til byggefelt, og ønskjer å halde fram med gardsdrift på området. Ifølge grunneigarane må kommunen overta dette området med tvang dersom byggefeltet skal verte ein realitet.
Grunneigarane har no fått brev frå kommunen der det går fram at kommunen har bestilt arkeologar til å starte graving i veke 35.
Ifølge grunneigarane har ikkje kommune gjort vedtak i kommunestyret at det skal verte byggefelt på dette området.
Grunneigarane føler seg overkøyrt av kommunen.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Eg viser til at stortingsrepresentant Starheim er oppteken av ei lokal sak i Møre og Romsdal kor det er usemje mellom partane om den framtidige bruken av området. Eg kjenner ikkje detaljane i saka og det er vanskeleg på bakgrunn av opplysningane i saka å ta stilling til kva som er den rette framgangsmåten. Då saka kan kome på mitt bord dersom usemja i saka ikkje vert løyst, vil eg difor avstå frå å kommentere saka ytterlegare.

Når det gjeld dei arkeologiske undersøkingane som det visast til, vil eg på generelt grunnlag vise til at det er den som er forbrukar av eit miljøgode som også er ansvarleg for å betale for dette.

Etter kulturminnelova (Lov om kulturminner av 9.juni 1978 nr.50) skal det i samband med planlegging av offentlege og større private tiltak undersøkast om tiltaket vil komme i konflikt med automatisk freda kulturminne. Hovudregelen er at det er tiltakshavaren som må betale for nødvendige arkeologiske undersøkingar. Ved utarbeiding av reguleringsplan er det kommunen som reknas som tiltakshavar og som difor må dekke desse kostnadene.