Skriftlig spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:150 (2011-2012)
Innlevert: 27.10.2011
Sendt: 27.10.2011
Besvart: 07.11.2011 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Vil statsråden prioritere ei viss opprusting av strekninga gjennom Volda sentrum i påvente av ny trafikkoridor, og meiner stasråden det er fornuftig at ein etter å ha tatt vekk bompengefinansiering på denne strekninga med bakgrunn i eit for lavt trafikkgrunnlag no krev at vidare trase i hovudsak skal finansierast av nettopp bompengar?

Begrunnelse

Når Stortinget vedtok oppstart på ny E- 39 frå Kjøs bru til Volda sentrum (Kvivsvegen) vedtok stortinget samstundes at denne strekninga ikkje skulle være bompengefinansiert. Argumentasjonen som vart nytta for denne avgjerda var at trafikkgrunnlaget var for lite til at ei bompengefinansiering var tilrådeleg. Underteikna er særs glad for dette standpunktet, og meiner dette var ei fornuftig vurdering frå regjeringa si side. Dei seinare åra har statens vegvesen planlagd vidare trase gjennom Volda sentrum til Furene. Framstegspartiet la allereie ved behandlinga av NTP om at denne strekninga måtte innarbeidast i NTP ved første rullering. Statens vegvesen har ikkje sett i verk eit einaste tiltak for å betre trafikkflyten gjennom Volda sentrum, og er tydeleg på at tunell på denne strekninga er naudsynt. Dei er vidare krystallklare på at den likevel ikkje vil kome dersom ein ikkje etablerer ein bomring, som vil bidra til at også all lokaltrafikk, også den som er komen til Volda Sentrum med fergje frå dagens E-39 Stigedalen. Det er pr. dato ikkje kome signal om at det vert gjort utbetringar på dagens vegnett i påvente av ny trafikkløysing. Dette gjer at ein står i fare for at stamvegtrafikken vert unødig hindra i mangel på gode trafikkløysingar gjennom Volda sentrum.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Statens vegvesen opplyser at arbeidet med kommunedelplan for E39 utanom Volda sentrum er i sluttfasen, og at planen truleg vert sendt på høyring tidleg i 2012. I handlingsprogrammet for perioden 2010-2013 er det ikkje sett av midlar til tiltak i Volda sentrum. Prioritering av tiltak på E39 i Volda, inkl. eventuelle avbøtande tiltak i påvente av ei meir omfattande utbygging, må derfor vurderast i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2014-2023 og påfølgjande handlingsprogram.
Eg stiller meg positiv til bompengefinansiering for å sikra raskare gjennomføring av vegprosjekt enn det som elles vil vera mogeleg gjennom løyvingar over offentlege budsjett åleine. Det er likevel ein klar føresetnad at det er lokalpolitisk tilslutning til dei bompengeprosjekta som blir lagt fram for Stortinget. I tillegg vil Regjeringa gjera ei konkret vurdering ved kvart enkelt prosjekt, mellom anna av bompengepotensial og samanheng mellom nytte og betaling. I den samanhengen finn eg grunn til å påpeika at trafikkgrunnlaget er langt høgare i Volda sentrum enn på Kvivsvegen.