Bjørn Lødemel (H): Mange lokalsamfunn ventar i spenning på klagehandsaminga av den nye 420 kW linja mellom Ørskog og Sogndal. Den nye linja får store negative konsekvensar for mange innbyggarar både når det gjeld nærføring til busetnad, naturinngrep og frykt for strålingsfare. I Førdedalen i Bremanger kommune er folk svært uroa. Den planlagde linja vil øydelegge deira nærområde. Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bremanger kommune har også protestert på traseen gjennom Førdedalen.
Blir desse protestane tekne til følgje og når kjem svaret?
Begrunnelse
Innbyggarane i Førdedalen i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane har gjennom mange å kjempa mot linjeføringa gjennom Førdedalen. Dei meinar at det finst gode alternativ for linjeføring som også legg til rette for at den planlagde linja mellom Ørskog og Sogndal kan byggast.
Deira ankepunkt mot den planlagde linjeføringa går på at den vil dominere fullstendig dalføret. Dei er svært uroa over strålingsfaren og det skapar ein konstant frykt som vil vere vankeleg å leve med. I tillegg til 420 kW linja går det også ei dobbel 132 kW linje gjennom dalen.
Sogn og Fjordane fylkeskommune er også kritisk til den planlagde linjeføringa gjennom Førdedalen, og dei viser til dette blant anna i ei høyringsuttale som vart vedteken i fylkesutvalet 01.07.2009 der det står "Bremanger kommune: Gjennom Førdedalen bør linja leggast opp i dalsida på sørsida av dalen slik at dalbotnen ikkje blir dominert av linja. Vidare bør trafostasjonen leggast nede ved sjøen i samsvar med grunneigarane sitt ønskje og i tråd med Bremanger kommune sitt innspel".
Bremanger kommune gjorde følgjande vedtak 30.06.2009." Bremanger kommune kan ikkje akseptere den valde løysinga gjennom Bremanger kommune for framføringa av 420 kW kraftlinje mellom Ørskog og Sogndal. Dette gjeld særleg den rassering av Førdedalen som følgje av linjeframføring og plassering av transformatorstasjonen".
Ein er kjende med at OED har pålagt Statnett å utgreie alternative løysingar i dette området. Innbyggarane i Førdedalen forventar at det blir gjort endringar i traseen i tråd med deira, fylkeskommunen og kommunen sine høyringsuttaler. Denne linja blir ståande i 50-100 år, og då må det velgast framtidsretta løysingar.