Oskar J. Grimstad (FrP): Vil statsråden søke å gjere seg nytte av styrekompetansen også utanfor det sentrale austland når oppnemning av nye styremedlemmer skal på plass framover?
Begrunnelse
Underteikna blei nylig gjennom ei marknadsundersøking spurt om kjennskap og synspunkt på Norfund sine aktivitetar og bidrag til næringsutvikling i utviklingsland. Spørsmåla indikerte klart at ein var søkande i kva grad selskapet klarer å marknadsføre sine oppgåver som UDs reiskap for næringsutvikling i utviklingsland. Ved gjennomgang av styrets sammansetting går det fram at tre av fire styremedlemmer er busett i Oslo og begge vararepresentantane likeså. Det fjerde styremedlemmet er busett i Froland.
Dette vil for mange gi en forklaring på kvifor selskapet er lite kjent i landet forøvrig. Kjente næringsklynger som det maritime på nordvestlandet og andre i Midt- og Nord-Noreg er ikkje representert. Desse nemnte miljøa har en kompetanse og eit faglig nivå som er bland dei fremste i verda. Dei er også godt kjent med arbeidsintensive aktivitetar som kunne være svært aktuelle i lavkostland som u-land. Derfor er det mange som undrar seg på kvifor slike miljø ikkje er representert i eksempelvis Norfunds styre. I tillegg er det grunn til å minne om på generelt grunnlag fordeling av denne type oppgåver landet som heilheilt.