Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til statsministeren

Dokument nr. 15:841 (2011-2012)
Innlevert: 15.02.2012
Sendt: 16.02.2012
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 28.02.2012 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til skriftlig spørsmål nr. 782 til statsråd Kleppa om statsråden meinte at det var rett av ho å framsetje feilaktig påstand/svar til eigar av Nikkino borerigg, og eg viser til statsråden sitt svar. Eg er kjend med at statsministeren har fått same spørsmål frå eigar av denne boreriggen.
Meiner statsministeren, ut i frå vedlagte dokumentasjon, at det er rett av statsråden og av statsministeren å framsetje feilaktige påstandar/svar til eigar av Nikkino borerigg?

Begrunnelse

Eg viser til skriv frå Statens vegvesen, ref. nr. 2010/024999-002, til eigar av Nikkino borerigg.
Eg viser til skriv frå eigar av Nikkino borerigg til Statsministerens kontor, datert 21.12.2011.
Eg viser til tidlegare skriv frå Statsministerens kontor og Samferdsledepartementet, ref. nr. 2010/00194/IAR/gg, datert 17.01.2012.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Eg viser til spørsmål nr. 841 frå stortingsrepresentant Åge Starheim til statsminister Jens Stoltenberg. Statsministeren har bede om at eg svarar på spørsmålet på vegne av Regjeringa.

Stortingsrepresentanten har i spørsmålet vist til skriftleg spørsmål nr. 782. Spørsmålet var her om eg syntest det var rett å framsetja uriktige opplysningar om at Nikkino borerigg har blitt tilbakelevert eigar. I mitt svar på spørsmålet viste eg til svar på skriftleg spørsmål nr. 615 i 2010 og at eg ikkje har fleire kommentarar utover det som alt er svara på.

Av mitt svar på skriftleg spørsmål nr. 615 går det i siste avsnitt klart fram at Samferdselsdepartementet i motsetnad til det som blir hevda i spørsmålet, ikkje har gått inn i saka og at departementet ikkje har tatt stilling til om riggen er tilbakelevert eigar:

”Når det gjelder omstendighetene vedrørende riggens faktiske lokalisering, har Samferdselsdepartementet overfor Ingvar og Einar Osen avvist saken som et anliggende for departementet og bedt om at konflikten løses direkte mellom de involverte partene. Dersom eier av riggen mener at den fortsatt er i Statens vegvesens besittelse, har departementet ansett det mest hensiktsmessig at eierne går til rettslige skritt for en endelig avklaring av ansvarsforholdet.”

Eigar av Nikkino borerigg har i brev av 27. januar 2010 og 21. desember 2011 retta spørsmål til statsministeren om riggen. Førstnemnde brev blei oversendt frå Statsministerens kontor til Samferdselsdepartementet som rett departement og er svara på frå departementet. Det andre brevet blei svara ut frå Statsministerens kontor til Einar Osen. Det blei her oppgitt at Statsministerens kontor ikkje vil gå inn i saka. Som det går fram av dette har Statsministerens kontor ikkje gått inn i saka.

Det er etter mi vurdering ikkje rett at eg har tatt stilling til lokalisering av boreriggen og heller ikkje at det er gitt uriktige opplysningar frå Regjeringa si side.