Hadia Tajik (A): Kva meiner kunnskapsministeren må til for at tilbodet om å ta fag på høgare nivå skal nå ut til fleire elevar, og korleis vil ho gjere ordninga betre kjent blant lærarar og skuleleiarar?
Begrunnelse
Aftenposten har i eit oppslag 24. februar tatt opp at tilbodet til skuleflinke elevar om å ta fag på høgare trinn ikkje når ut til alle elevar. Dette har og regjeringa påpeika, blant anna i St.meld. 22. (2010-2011), ”Motivasjon – Mestring – Muligheter”. Ordninga vart introdusert i Kunnskapsløftet og etablert som ei fast ordning gjennom ei forskrift til Opplæringslova i 2008. Fleirtalet av dei som får nytta tilbodet er elevar frå Austlandet. Men òg på Austlandet kan det variere om skulen legg vekt på å gje elevar som treng det denne inspirasjonen, eller ikkje. Eg er glad for at kunnskapsministaren nyleg har sendt på høyring eit forslag om å utvide tilbodet til å gjelde fleire fag, men ser at det er naudsynt å arbeide meir for å gjere tilbodet kjent slik at fleire motiverte og dyktige elevar kan ha glede av det.