Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1266 (2011-2012) Innlevert: 23.04.2012 Sendt: 24.04.2012 Besvart: 30.04.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell
Line Henriette Holten (KrF): Hva er statsrådens tre viktigste områder?
Bård Vegar Solhjell: Dei tre viktigaste områda for meg er ein offensiv klimapolitikk, varig bruk av norsk natur og miljøvenleg utvikling i byar og tettstader. Ein offensiv klimapolitikk betyr å arbeide for ein bindande avtale om reduksjon av klimagassutslepp internasjonalt, og for omstilling av transport, industri og petroleum i Noreg. Varig bruk av norsk natur krev at vi reduserar tap av artsmangfald og fører ein aktiv politikk for planlegging og arealbruk. Dei ressursane og opplevingane naturen gjev må kunne brukast også av generasjonane som kjem etter oss. Ei miljøvenleg utvikling i byar og tettstader krev heilskapleg politikk for bruken av areal, for å utvikle miljøvennlege transportløysningar og få på plass fleire moderne bustader som har lågare energibruk. Å verne om norske kulturminne må vere ein sentral del også av politikken for utvikling av byar og tettstader. Miljøpolitikken krev heilskapleg og langsiktig tenking. Desse hovudområda er eit utval av mange saker som er viktige for miljøet i Noreg og verda.