Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1635 (2011-2012) Innlevert: 18.06.2012 Sendt: 18.06.2012 Besvart: 25.06.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell
Harald T. Nesvik (FrP): Det er utarbeidet en Forvaltningsplan for Dovrefjell-Sunndalsfjella, datert 5.juni 2006.Når vil statsråden ta initiativ til en evaluering av forvaltningen av landskapsvernområdene, herunder spesielt Dovrefjell-Sunndalsfjella, med hensyn til organisering av forvaltningen og etterlevelse av forvaltningsplanen?
Bård Vegar Solhjell: Verneplanen for Dovrefjell - Sunndalsfjella omfattar til saman 11 område. I tillegg til Dovrefjell – Sunndalsfjella nasjonalpark er det sju landskapsvernområde, eitt naturreservat og to biotopvernområde. Nasjonalparkstyret for Dovrefjell-Sunndalsfjella, som er samansett av representantar frå kommunane og fylkeskommunane, er forvaltningsmynde for desse verneområda. Det har lenge vore ønskje om auka lokal medverknad og lokal forvaltning av verneområda i Noreg. Stortinget starta difor i 1996 forsøk med ulike lokale forvaltningsordningar i fire verneområde. Dovrefjell – Sunndalsfjella var eitt av desse forsøksområda. På bakgrunn av evalueringa og erfaringane frå disse forsøka, gjorde regjeringa framlegg om ein ny modell for forvaltning av verneområda i Noreg. Erfaringane frå forsøket i Dovrefjell-Sunndalsfjella var svært gode, og dei fleste av elementa frå denne ordninga vart difor vidareført i regjeringa sitt framlegg til korleis verneområda burde forvaltast. Eg er svært glad for at Stortinget gjennom handsaming av Prop. 1 S (2009-2010), slutta seg til regjeringa sitt framlegg om ny forvaltningsmodell for nasjonalparkane og dei andre store verneområda. Det er derfor no kommunane, som saman med fylkeskommunane, har ansvaret for forvaltninga av mange av dei største verneområda våre. Eg er stolt og glad over at så mange kommunar har påteke seg det store ansvaret det er å forvalte nasjonalparkane og dei andre store verneområda på vegne av heile nasjonen. Nasjonalparkstyret for Dovrefjell- Sunndalsfjella er eit godt døme på dette. Forvaltninga av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark skal, tilsvarande som alle andre verneområde, forvaltast i samsvar med verneforskrifter og gjeldande forvaltningsplan. Forvaltningsplanen skal konkretisere og utdjupe verneforskriftene, og forvaltningsplanane må alltid liggje innafor ramma av verneforskriftene. Forvaltningsplan for Dovrefjell – Sunndalsfjella er som du peikar på, godkjent i 2006. Denne planen blei utarbeidd av Dovrefjellrådet, da dei var forvaltningsstyresmakt som eitt av dei omtala forsøka med lokal forvaltning. Dette er ein av dei fyrste forvaltningsplanane som er utarbeidd av lokale styresmakter og ikkje av Fylkesmannen. Etter kva eg er kjent med, følgjer nasjonalparkstyret for Dovrefjell-Sunndalsfjella opp forvaltningsplanen på ein god måte. Eg er òg kjent med at nasjonalparkstyret no utarbeider ein tiltaksplan som konkret vil følgje opp forvaltningsplanen med aktuelle skjøtselstiltak, tilrettelegging m.m. i disse verneområda. Forarbeida til naturmangfaldlova peikar på at det generelt vert lagt opp til revisjon av forvaltningsplanane ca. kvart 5.- til 10. år. Det er forvaltningsstyresmakta, dvs. nasjonalparkstyret, som er ansvarleg for å ta initiativ til å revidere forvaltningsplanen når det blir aktuelt.