Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1736 (2011-2012)
Innlevert: 09.08.2012
Sendt: 10.08.2012
Besvart: 20.08.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I Elgå reinbeitedistrikt i Femundsmarka Nasjonalpark er det sett opp kunstige reir for kongeørn. Dette har skjedd utan at lokale styremakter eller tamreinnæringa har vore orienterte eller rådspurt. Dette er i kalvingsområda for tamrein og kongeørna tek årleg mange reinkalvar. I rovviltforliket blir det slege fast at rovvilt ikkje skal representere skadepotensiale i prioriterte beiteområde og kalvingsområde for tamrein.
Kvifor er desse kunstige ørnereira sette opp, og kven har ansvaret for at dette er gjort?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Eg har fått opplyst frå Fylkesmannen i Hedmark at restaurering av reir/oppsetting av kunstige hekkeplassar innafor Elgå reinbeitedistrikt er ei sak som reinbeitedistriktet tok opp med fylkesmannen allereie i 2008. Etter at fylkesmannen var på synfaring samen med ein representant for reinbeitedistriktet sommaren 2008, tok fylkesmannen saka opp med Direktoratet for naturforvaltning og ba om ei vurdering av saka og forholdet til lov-, forskrifts- og regelverk.

Direktoratet for naturforvaltning har i brev 15. september 2008 til Fylkesmannen i Hedmark vist til at det er alminnelig tradisjon for å sette opp fuglekasser og holker, og at dette ikkje er direkte regulert i lovverket. Direktoratet uttalte og at dette i utgangspunktet kan skje i samsvar med den frie retten til ferdsle i utmark. Norges Skogeierforbund ga i brev 11. november 2008 uttrykk for at dei var ueinige med direktoratet når det gjeld forholdet til grunneigar. Direktoratet har så i brev 13. november 2008 uttalt at de er einige med Skogeierforbundet og presiserer at det krev uttrykkelig samtykke frå grunneigar for å restaurere eller sette opp kunstige reir for rovfuglar, mellom anna fordi hekkande rovfugl har ein rettslig verknad for skogeigar.

Direktoratet for naturforvaltning har gitt sin informasjon om dette til alle fylkesmenn. Der har direktoratet og sagt at dei ikkje vil anbefale bruk av midlar frå kommunar, fylkesmenn eller viltfondet til kunstig bygging eller restaurering av reirplassar for kongeørn, med den bestand av kongeørn vi har i Noreg. Direktoratet legg og vekt på at kongeørna alltid vil vera den beste til å gjere i stand egen reirplass eller finne ein ny om den føretrekk eller må det.

Eg har ikkje noko å merke til Direktoratet for naturforvaltning si framstilling av dei reglane som gjeld for denne saka. Det inneber at den som vil sette opp eller restaurere reirplassar for kongeørn, må ha samtykke frå grunneigar. Viltlova og naturmangfoldlova regulerer ikkje slik verksemd utan der oppsetting eller restaurering av reirplassar er til skade for anna vilt eller andre naturmangfaldinteresser. Det at området er utpeika som prioritert beiteområde og kalvingsområde for tamrein, gjer ikkje at oppsetting eller restaurering av reirplassar krev løyve frå offentleg myndigheit eller at det er i strid med viltlov eller naturmangfaldlov. Eg er og einig med Direktoratet for naturforvaltning i at det ikkje bør brukast offentlege midlar til støtte for slik verksemd.