Skriftlig spørsmål fra Camilla Storøy Hermansen (KrF) til statsministeren

Dokument nr. 15:87 (2012-2013)
Innlevert: 11.10.2012
Sendt: 12.10.2012
Rette vedkommende: Arbeidsministeren
Besvart: 22.10.2012 av arbeidsminister Anniken Huitfeldt

Camilla Storøy Hermansen (KrF)

Spørsmål

Camilla Storøy Hermansen (KrF): Då utfordringane og løysingane er sektorovergripande, kva vert gjort frå regjeringa si side for at aktuelle departement samarbeidar for å få ned det høge antalet unge som mottek sosialhjelp?

Begrunnelse

Ei fersk analyse frå Nav av utviklinga i økonomisk sosialhjelp frå 2005 til 2011 viser at etter at finanskrisen slo inn frå slutten av 2008 har dei mellom 18 og 24 år stått for 40 prosent av veksten i antall sosialhjelpsmottakerar fram til 2009. I løpet av 2011 mottok nærmare seks prosent av ungdomar mellom 18 og 24 år sosialhjelp.
Det er sektorovergripande årsaker til at stadig fleire unge fell utanfor arbeidslivet. Nokre er ein del av ein stadig aukande drop out-andel fra videregåande, nokre har korte eller langvarige sjukeopphald som skaper hol i CVen, medan andre har kompetanse som ikkje er ettertraka på arbeidsmarkedet.
Utfordringa og løysinga ligg slik under fleire departement, som arbeidsdepartementet, kunnskapsdepartementet, næringsdepartementet, helse- og omsorgsdepartementet og finansdepartementet, og treng ei samordna løysing.

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Det viktigaste for å hindre at menneske må ha økonomisk sosialhjelp er å sikre mogelegheit til arbeid. Regjeringa arbeider difor på brei front for å hindre at ungdom fell utanfor gjennom tiltak i opplæringssektoren og ved å følgje opp ungdom utanfor utdanning og arbeid. Innsatsen omfattar tiltak og verkemiddel under fleire departement. Som det går fram over, er det etablert samarbeid mellom departement og sektorar om fleire sentrale tiltak.

I 2011 mottok 26 400 personar i alderen 18-24 år økonomisk sosialhjelp. Talet er omtrent uendra frå året før (26 900, 2010), og på same nivå som ti år tidlegare (26 900, 2001). Talet på unge mottakarar av sosialhjelp auka frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010, etter ein nedgang i 2006 og 2007.

Unge i alderen 18-24 år er overrepresenterte blant mottakarar av sosialhjelp sett i forhold til kor stor del desse utgjer av folketalet. Auken i talet på stønadsmottakarar frå 2008 til 2010 var òg størst for denne aldersgruppa. Dette må sjåast i samanheng med at unge står svakare i arbeidsmarknaden i tider med arbeidsløyse. Mange har ikkje opparbeida seg rett til dagpengar. Ungdom har òg generelt høgre arbeidsløyse enn den eldre delen av arbeidsstyrken. Mange er i starten av sin arbeidskarriere og har fleire skifter mellom midlertidige jobbar, og mellom jobb og studiar. Dei fleste unge har difor korte periodar utan arbeid. Det er likevel alvorleg når unge menneske blir ståande utanfor arbeid og utdanning over tid.

I statsbudsjettet for 2013 foreslår Regjeringa å styrke Arbeids- og velferdsetaten si oppfølging av ungdom utanfor arbeid og utdanning med 30 mill. kroner. Deler av desse midla vil gå til å opprette stillingar for eigne kontaktpersonar for arbeidet med oppfølging av ungdom ved dei største NAV-kontora. Dette vil betre muligheitene for å tilby godt koordinert innsats for ungdom med samansette behov. Det foreslås òg ei endra innretting av garantiordningane for ungdom i alderen 20-24 år, og ei styrking av Arbeids- og velferdsetaten sitt arbeid med garantiane.

Ungdomsgarantien for ungdom under 20 år inneber at dei som står utan arbeid eller skuleplass skal være garantert tilbod om arbeidsretta tiltak. Denne gruppa har ofte ikkje fullført vidaregåande opplæring. Oppfølginga av målgruppa for denne garantien kan difor sjåast i samanheng med oppfølging av ungdom innafor Regjeringa si satsing for å auka fullføring i vidaregåande opplæring, Ny GIV. NAV-kontora samarbeider med fylkeskommunane om oppfølging av ungdom som har eller står i fare for å falle ut av vidaregåande opplæring. Oppfølginga av denne gruppa ser ut til å fungere godt, og garantien for unge under 20 år vert vidareført i 2013.

Regjeringa ønskjer som nevnt å endre innrettinga på oppfølgingsgarantien og tiltaksgarantien for ungdom i alderen 20-24 år i 2013, med sikte på å få garantiane til å fungere betre i oppfølginga av unge som har behov for bistand frå Arbeids- og velferdsetaten. Endringane inneber ei målretting mot oppfølging av ungdom som har eit reelt behov for bistand for å kome i arbeid, og legg større vekt på at bistanden er tilpassa individuelle behov. Samtidig blir målgruppa utvida til òg å omfatte ungdom med nedsett arbeidsevne. Garantiordningane for denne aldersgruppa inneber garanti om godkjend aktivitetsplan innan ein månad for dei som ikkje har nedsett arbeidsevne. For den gruppa som har nedsett arbeidsevne er det sett eit mål om at 90 pst. av gruppa skal ha slik plan til einkvar tid. Aktivitetsplanen kan innehalde tiltak og verkemiddel frå NAV-kontora, men òg andre tilbod knytte til skule, rus, helse og psykiatri.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har gjennom Losprosjektet ein særskilt innsats retta mot ungdom i alderen 14-23 år som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv. BLD samarbeider med Kunnskapsdepartementet og Arbeidsdepartementet om prosjektet.

Unge personar med ei arbeids- og inntektsevne som er vesentleg nedsett og som står i fare for å bli langvarig avhengig av sosialhjelp kan få tilbod om kvalifiseringsprogram. Om lag ein av fem deltakarar i kvalifiseringsprogram er under 25 år.