Skriftlig spørsmål fra Ivar Kristiansen (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:128 (2012-2013)
Innlevert: 18.10.2012
Sendt: 19.10.2012
Besvart: 25.10.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Ivar Kristiansen (H)

Spørsmål

Ivar Kristiansen (H): Stolpen gård i Saltdal (etabl. i 1830) driver som eneste aktør med sauedrift i sitt område, nektes nå å benytte ATV ifm. kjøring to ganger per uke til Kvitbergvatnet ifm. tilsyn og fôring. En slik tillatelse eksisterte tidligere. Avslag på ATV kjøring fra Jarbrufjell til Kvitbergvatnet fremstår som grov forskjellsbehandling, i og med at andre aktører er gitt tillatelse.
Vil statsråden nå sørge for å fjerne forskjellsbehandlingen, innvilge Stolpen gårds søknad og bidra til at gårdsdriften fortsatt kan eksistere?

Begrunnelse

Stolpen gård i Saltdal ble etablert svært lenge før innføring av landskapsvernområde og nasjonalpark i Saltdal/Saltfjell-området. For Stolpen gård er det helt avgjørende for gårdsdrift, dyrevern og sikkerheten til dyrene at ATV kan benyttes to ganger per uke på strekningen Jarbrufjell til Kvitbergvatnet. Stor rovviltbestand i området sammen med store avstander fra gård og bopel til beiteområder nødvendiggjør bruk av ATV, på sammen måten som eksempelvis reindriftsnæringen ser seg nødt til. Det fremstår som grov forskjellsbehandling, når Stolpen gård nektes å benytte ATV samtidig som andre gis tillatelse. Uten at eier av Stolpen gård kan benytte ATV to ganger per uke til området Kvitbergvatnet ifm. tilsyn og fôring, vil opphør av gårdsdriften kunne bli et sannsynlig utfall. Et slikt utfall kan neppe sies å være innenfor intensjonene rundt forvaltning av landskapsvernområder og nasjonalparker, hvor det nettopp åpnes og ønskes den type næringsvirksomhet som Stolpen gård utøver.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Saltfjellet–Svartisen er Noregs mest variasjonsrike nasjonalpark. Frå den ville Nordfjorden i vest strekker parken seg via høge fjell og evig is til frodige fjellbjørkedalar med stilleflytande elver. Lengst aust går parken over i Saltfjellet sine opne fjellvidder med store lausmasseavsetningar frå istida.

Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark blei oppretta i 1989. Føremålet med Saltfjellet-Svartisen er å ta vare på eit vakkert og tilnærma urørt fjellområde med sitt plante- og dyreliv og geologiske førekomstar. I Gåsvatnan landskapsvernområde, som og blei oppretta i 1989, er føremålet å ta vare på eit eigenarta og vakkert naturlandskap. Det femner og om Jarbrudalen med Russåga, som er Noregs største uregulerte underjordiske elv og dei store botaniske verdiane ikring Kvitberget og Skjevlfjellet.

I Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark og Gåsvatnan landskapsvernområde er det eit generelt forbod mot motorisert ferdsel i utmark.

Eigar av Stolpen gard søkte 14. mai i år om dispensasjon frå verneforskriftene for Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark og Gåsvatnan landskapsvernområde, for bruk av terrengmotorsykkel på barmark på strekninga Stolpen gard til Stolpen-hytta ved Kvitbergvatnet. Grunngjevinga for søknaden var tilsyn og sanking av sau på beite i fjellet. Den omsøkte køyringa frå Nordlund fjellgard til Stolpen-hytta ved Kvitbergsvatnet, vil skje i utmark og er dermed i strid med både verneforskrifta for nasjonalparken og landskapsvernområdet og lova om motorisert ferdsel i utmark.

Sau går på fjellbeite mange stader i Noreg og bruk av terrengmotorsykkel i samband med tilsyn i utmark er særskilt vurdert i Miljøverndepartementet sitt rundskriv T-1/96 Motorferdsel i utmark. I rundskrivet står det at lova ikkje opnar opp terrengkjøring i samband med tilsyn av dyr på utmarksbeite.

I 2009 og 2010 fekk eigar av Stolpen gard løyve frå Fylkesmannen i Nordland til bruk av terrengmotorsykkel i samband med tilsyn av sau. Løyvet den gongen gjaldt motorisert transport frå grensa av Gåsvatnan landskapsvernområde og opp til Nordlund fjellgard, på den eksisterande tilkomstvegen. Grunngjevinga for slikt løyve var at ei avgrensa køyring på denne tilkomstvegen ikkje ville påføra terrenget og vegetasjonen vesentleg skade. Slikt løyve har eigar av Stolpen gard også fått i 2012, jf. Miljøverndepartementets brev av 9. oktober 2012 og nasjonalparkstyret sitt vedtak av 9. juli 2012.

Når det gjeld bruk av terrengmotorsykkel frå Nordlund fjellgard og vidare opp til Kvitbergvatnet, endra departementet nasjonalparkstyret sitt vedtak av 15. juli 2012. Grunngjevinga for å ikkje tillate slik køyring er omsynet til dei store naturverdiane som finst i Jarbrudalen og ikring Kvitbervatnet, og at køyring med terrengmotorsykkel inntil 2 turar i veka, i perioden 15. juni – 15. oktober vil kunne medføre omfattande køyreskadar i terrenget.

I verneforskrifta for Gåsvatnan landskapsvernområde står det eksplisitt at drift av den eksisterande innmarka på fjellgarden Nordlund av Jarbrufjell skal kunne halde fram, sjølv etter at området blei verna i 1989. I den samanheng er det teke inn eit punkt om at naudsynt transport til denne fjellgarden, og ei viss opparbeiding av tilkomstvegen skal vere mogleg. Det vart sett som vilkår at vegen skulle stengast med bom, for å avgrense bruken av vegen.

I samband med denne saka er det hevda at det er urimeleg å gje dispensasjon til å frakte ut elgslakt ved bruk av terrengmotorsykkel i det same området, men ikkje til tilsyn av sau på beite. Verneforskrifta for Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark og Gåsvatnan landskapsvernområde har inga eigen heimel til å gje løyve til utfrakt av elg og hjort, men mange nyare verneforskrifter har det. Grunngjevinga for at det kan opnast for motorferdsel i slike tilfelle er vekta på det som skal fraktast ut av området. Dette omsynet gjer seg ikkje gjeldande ved motorferdsel i samband med sauesanking eller tilsyn av sau på beite. Behovet for transport er og meir avgrensa både i omfang og tid, og vil difor ikkje påføra terrenget og vegetasjonen same form for skade. No i år har nasjonalparkstyret gjeve løyve til bruk av terrengmotorsykkel i samband med frakt av skutt elg, frå Tverrlimyra og til Jarbrufjell gard, mens det frå fjellgarden og vidare opp til Kvitbergvatnet er stilt krav om å nytte elgtrekk. Det er eit lettare terrenggåande køyretøy som kan utstyrast med beltetrekk og som difor set mindre spor i terrenget.

Eg vil understreka at tilsyn av dyr på utmarksbeite primært skal skje utan bruk av køyretøy. Terskelen for å tillate slik motorferdsel skal generelt vere høg i våre verneområde som har nasjonale naturmangfaldverdiar, og i nasjonalparkar vil terskelen for å få slikt løyve vere enda høgare.