Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:279 (2012-2013)
Innlevert: 15.11.2012
Sendt: 16.11.2012
Besvart: 27.11.2012 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Kva vil statsråden gjer for å sikre reelt demokrati knytt til klage- og lovlighetskontroll på kommunale vedtak slik at klagebehandling kan oppfattas som hensiktsmessig?

Begrunnelse

Ved kommunal behandling av saker det lokalt strides om, kan et mindretall anke saken inn for fylkesmannen der en ber om en såkalt lovlighetskontroll på vedtaket. Det en opplever i større og større grad er at behandlingstida hos fylkesmannen tek så lang tid, er at vedtaket er gjennomført og er irreversibelt når svaret på lovlighetskontrollen foreligger. Der finst fleire eksempel på dette i Møre og Romsdal, seinast ei klage sendt fra Hareid kommune i juni 2012.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Rettsgrunnlaget for statleg lovlegheitskontroll med kommunale avgjerder er kommunelova § 59. Regelen gir moglegheit for eit mindretal i kommunestyret eller fylkestinget til å få avklart rettsleg tvil ved kommunale eller fylkeskommunale avgjerder, utan å måtte gå vegen om domstolane. Kommunelova § 59 er meint som eit supplement til andre klage- og kontrollordningar i forvaltninga. Klageinstansen skal ikkje vurdere kva som er godt eller føremålsteneleg, men berre om kommunale avgjerder er og har blitt til i samsvar med gjeldande rett.

Det følgjer av kommunelova § 59 nr. 3 at lovlegheitsklage ikkje gir oppsetjande verknad. Med dette meiner ein at framsetjing av slik klage ikkje i seg sjølv fører til at den kommunale eller fylkeskommunale saksprosessen stansar heilt opp medan ein venter på at klagen vert avgjort av eit statleg organ. Bakgrunnen for dette er mellom anna omsynet til ei effektiv og avgjerdsdyktig lokalforvaltning.

På dette grunnlaget er det også særs viktig at Fylkesmannen som er klageinstansen ved kommunale lovlegheitsklagar, handsamar klagane så snart som mogleg.

Eg viser til at Fylkesmannen er bunden av forvaltningslova sine regler om sakshandsamingstid samt ulovfesta forvaltningsreglar om at saka skal handsamast innan rimeleg tid. Kva som er rimeleg tid, kan variere frå tilfelle til tilfelle. I nokre tilfelle er saka klar og oversiktleg og det er få vanskar med å treffe ei rask avgjerd. I andre tilfelle kan det vere meir tvil om kva som er faktum og det kan oppstå juridisk vanskelege spørsmål. Ein må vere budd på at nokre lovlegheitsaker er av ein slik karakter at klageinstansen treng tid på sakshandsaminga. Blant anna kan det vere aktuelt å hente inn fleire opplysningar frå kommunen eller frå klagande partar. Av denne grunn vil det vere vanskeleg å operere med særskilte fristar for når ei lovlegheitsklage skal vere avgjort.

Eg minner i denne samanheng om at det ved statleg lovlegheitskontroll av kommunale avgjerder ikkje er klagerett for kommunen. Det vedtaket som blir treft av Fylkesmannen er endeleg. Av denne grunn er det også svært viktig at sakshandsaminga er forsvarleg og grundig, og at det vert eit korrekt vedtak.

Sjølv om hovudregelen er at lovlegheitsklage ikkje har oppsetjande verknad, kan det organet som trefte avgjerda, overordna kommunalt organ (eks. kommunestyret) eller Fylkesmannen, etter § 59 nr. 3 fatte vedtak om at avgjerda ikkje skal setjast i verk før klagen er avgjort. Normalt er det ikkje aktuelt for Fylkesmannen å ta stilling til utsett iverksetjing så lenge spørsmålet ikkje er reist av den klagande parten eller kommunen. Spørsmålet om utsett iverksetjing vil mest sannsynleg først bli aktuelt der Fylkesmannen har rimeleg gode indikasjonar på at avgjerda er ulovleg.

Som følgje av at lovlegheitsklage ikkje gir oppsetjande verknad, kan det i nokre tilfelle skje at kommunen i mellomtida, medan klaga vert handsama, innrettar seg etter ei avgjerd som viser seg å ha feil. Dersom kommunen har sett i verk ei avgjerd som etter lovlegskapskontroll viser seg å vere ulovleg, har kommunen sjølv eit ansvar for eventuelt å treffe ny avgjerd, og rette opp tilhøva slik at dei vert i samsvar med gjeldande rett.