Skriftlig spørsmål fra Arne Sortevik (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:593 (2012-2013)
Innlevert: 04.01.2013
Sendt: 04.01.2013
Besvart: 11.01.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Arne Sortevik (FrP)

Spørsmål

Arne Sortevik (FrP): Solen og såkalt "kosmisk stråling" styrer klimaet på jorden, ikke CO2. CERN har utført laboratorie-eksperimenter som hevdes å bevise dette. CERN, the European Organization for Nuclear Research, er "one of the world's largest centres for scientific research involving 60 countries and 8,000 scientists at more than 600 universities and national laboratories." Grunnlaget for global og nasjonal klimapolitikk er derfor endret.
Hvordan vil regjeringen endre klimapolitikken i tråd med dette og informere om endringen?

Begrunnelse

Jeg siterer:

"CERN is the organization that invented the World Wide Web, that built the multi-billion dollar Large Hadron Collider, and that has now built a pristinely clean stainless steel chamber that precisely recreated the Earth's atmosphere."

http://www.sott.net/article/234213-Global-Warming-Caused-by-Cosmic-Rays-and-the-Sun-Not-Humans

Jeg legger til grunn av ansvarlig statsråd på vegne av regjeringen skaffer seg god innsikt i det banebrytende arbeid som er utført ved CERN angående kosmisk strålings betydning for klimaendring og klimapåvirkning. Jeg legger videre til grunn at resultatet av dette arbeidet blir fulgt opp i politisk arbeid. Resultatet av CERNS forskning må føre til at CO2-basert klimapolitikk legges til side og at klimapolitikkens innhold endres. Når det CO2-baserte IPCC-sporet via FN hevdes å være forskningsbasert er det viktig at banebrytende ny forskning fra forskningsmiljø med kompetanse i særklasse får avgjørende betydning for klimapolitikkens basis og innhold i stedet for at forskningsresultatet "gjemmes bort" som en ubehagelig sannhet.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Regjeringa legg til grunn at klimapolitikken skal vere basert på den best tilgjengelege kunnskapen om klimautviklinga. Ei oversikt over den samla klimaforskinga får vi gjennom arbeidet til FNs klimapanel. Klimapanelet driv ikkje sjølv med forsking, men er sett saman av verdas leiande klimaforskarar som går gjennom all relevant publisert forsking med sikte på å få fram status for kunnskapen vi har om klimautviklinga og kva som påverkar klimaet. Det er grundige rutinar for kvalitetssikring av arbeidet, noko som har gjort at alle land stiller seg bak klimapanelets rapportar.

Resultata som representanten Sortevik tar opp, handlar mellom anna om kva innstråling frå sola og kosmisk stråling har å seie for skydanning og klimautviklinga. Desse faktorane vart beskrivne i den fjerde hovudrapporten til klimapanelet, saman med andre faktorar som påverkar jordas klima, slik som menneskeskapte utslepp av CO2 og andre klimagassar. Den samla vurderinga var at den globale oppvarminga ikkje kunne forklårast utan at ein tok med effekten av menneskeskapte utslepp av klimagassar.

I den femte hovudrapporten til klimapanelet, som er under utarbeiding, er innstråling frå sola, kosmisk stråling og skyar inkludert som ein del av det kunnskapsgrunnlaget vi treng for å forstå klimautviklinga. Sidan den fjerde rapporten er det publisert ei rekkje resultat om denne problemstillinga. Også dei resultata representant Sortevik viser til, frå CERN-laboratoriet, er lagt til grunn som ein del av dei vitskaplege resultata som blir vurdert i den femte hovudrapporten. Eg vil her påpeike at CERN sjølv presenterer desse resultata som eit viktig bidrag til å forstå korleis skyar dannast i atmosfæren, og ikkje som resultat som fører til at konklusjonane om effekten av CO2 og andre klimagassar i atmosfæren må endrast.

FNs klimapanel har konkludert med at menneskeskapte utslepp av klimagassar gir eit avgjerande bidrag til global oppvarming gjennom auka konsentrasjonar i atmosfæren. Kunnskap om korleis naturlege prosessar påverkar klimaet er sjølsagt også viktig, men det er den langsiktige og aukande trenden i menneskeskapte utslepp av klimagassar som gir grunn til bekymring og til utvikling av politikk.

Regjeringas klimapolitikk vil også i framtida vere basert på den beste tilgjengelege samla kunnskapen om klimautviklinga og kva som påverkar klimaendringane.