Skriftlig spørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1434 (2012-2013)
Innlevert: 06.06.2013
Sendt: 07.06.2013
Besvart: 14.06.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): Då Stortinget 21. mars handsama Dok. 8 15 LS om motorferdsel i utmark viste statsråden til at han i november 2012 såg på muligheitene for å gje kommunane større myndigheit til å bestemme om dei vil opne for etablering av snøscooterløyper til rekreasjon. I debatten denne dagen uttalte statsråden at regjeringa ville føreslå endringar som ville opne for noko meir lokal styring, og at han tok sikte på å sende ut forslag på høyring kort tid etter påske.
Når blir desse forslaga sendt på høyring, og kva går dei ut på?

Begrunnelse

Denne saka har vore tema heilt tilbake til 2000 då det varte sett i gang prøveprosjekt med utvida lokalt sjølvstyre for 8 kommunar. Prøveordninga skulle evaluerast, og erfaringane skulle danne grunnlaget for å ta ei endelig avgjerd om utvida lokalt sjølvstyre slik at kommunane kunne legge til rette for snøscootertrasear til turistløyper og rekreasjonsløyper.
Denne saka har blitt systematisk trenert frå regjeringa si side heilt frå regjeringsskifte i 2005. Prøveordninga som skulle danne grunnlaget for ei permanent ordning som kunne gjelde alle kommunane har blitt evaluert, men det har ikkje blitt fremja noko framlegg frå regjeringa om å følgje opp prøveprosjektet og evalueringa med konkrete endringar i lova. Fleire framlegg frå opposisjonspartia om lokalt sjølvstyre med snøscooterløyper har blitt avvist. Det ser ikkje ut til at statsråden har kome lenger enn han var i november 2012 med å opne opp for større lokalt råderett over snøscootertrasear. I debatten 21. mars viste statsråden til at han tok sikte på å sende ut forslag på ei høyring kort tid etter påske. Dette har heller ikkje skjedd. Dette skaper stor frustrasjon både blant forsøkskommunane som ikkje veit om dei får halde fram med sitt regelverk og blant dei andre kommunane som ikkje har fått tilgang til auka lokalt sjølvstyre.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Eg er glad for å kunne svare at eg allereie har sendt eit slikt forslag på høyring. Dette gjorde eg 30. mai i år. Høyringsfristen er 27. juni.
I høyringsbrevet foreslår eg blant anna ei opning for at grensekommunar skal kunne etablere løyper som leier til løypenett i naboland. I tillegg foreslår eg utvida adgang til å etablere løyper frå reiselivsverksemder i Nord-Troms og Finnmark til det opne løypenettet.
I høyringsbrevet inviterar eg også kommunar som ligg i det distriktspolitiske verkeområdet til å søke om å delta i ei forsøksordning med etablering av snøscooterløyper gjennom arealplanlegging etter plan- og bygningslova. Ordninga skal omfatte inntil 40 kommunar og gjelde for perioden 2014 til 2018.
Fristen for å søke om å delta i prøveordninga er 1. september 2013.