Kjersti Toppe (Sp): I mange år har fleire utskrivningsklare pasientar i psykiatrien blitt buande på sjukehus, fordi Bergen kommune ikkje har skaffa dei eit tilpassa bustadtilbod. I følgje BT 24/10-13 bur 40 psykiatriske pasientar i Bergen på sjukehus mens dei ventar på bustad. Eit samla styre i Helse Bergen etterlyser no tiltak og verkemidlar som kan brukast mot Bergen kommune.
Kva vil statsråden gjere for å hjelpe pasientane og Helse Bergen i denne saka, og har statsråden informasjon om det er tilsvarande utfordringar i andre føretak?
Begrunnelse
Det har i mange år vore ein konflikt mellom Bergen kommune og Helse Bergen om utskrivningsklare psykiatriske pasientar. Utskrivningsklare pasientar er pasientar som har vore gjennom psykiatrisk behandling, som har behov for tilrettelagt bustad eller andre tenester i kommunen. I følgje opplysningar i ei sak som var oppe i styremøte i Helse Bergen 23/10-13, er det per i dag heile 40 pasientar som ventar på eit kommunalt tilbod i Bergen kommune. I tillegg måtte Helse Bergen sjølv byggje opp bustadtilbod til utskrivningsklare pasientar som høyrte til Bergen kommune - Bergen bosenter -i 2011. I dag gir Bergen bosenter bustad til 20 kommunale pasientar. Heller ikkje desse pasientane er det nokon plan for at Bergen kommune skal ta over ansvaret for.
Styret i Helse Bergen etterlyser no tiltak som gjer at det skjer noko i saka. Slik situasjonen er, blir utskrivningsklare pasientar " ein propp" i systemet, som hindrar anna tiltrengt pasientbehandling i spesialisthelsetenesta. Men først og fremst er det viktig å få fortgang i saka sidan det handlar om sårbare pasientar som har rett på tilrettelagt bustad i heimkommunen, men som i staden må leve livet på institusjon. Det som skjer er i tillegg stor urett mot andre kommunar i same helseføretak, som gjer jobben og tar i mot dei pasientane dei har ansvar for.
Det er i dag betalingsplikt for utskrivningsklare somatiske pasientar. At det ikkje fins liknande ordning for psykiatriske pasientar, gjer det mogleg med skeivprioriteringar i kommunane der pasientar diskriminerast ut frå diagnose. Det hastar derfor med å få på plass tiltak for dei ferdigbehandla psykiatriske pasientane som i dag bur på sjukehus. Betalingsplikt på same måte som for somatiske pasientar er eit slikt tiltak som helseføretaka bør kunne få nytte.