Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:142 (2013-2014) Innlevert: 28.11.2013 Sendt: 29.11.2013 Besvart: 03.12.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson
Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til oppslag med statsråd Eriksson i Dagens Næringsliv 27. november om moglegheita for å avgrense trygdeeksport. Han nemner til dømes dagpengar, barnetrygd og kontantstøtte. Kva for kriterier og prinsipp legg statsråden til grunn for kva slags offentlege stønadar og trygdeytingar som skal kostnadsjusterast ved eksport, og når forventar han at den omtala utgreiinga frå departementet vert ferdigstilt?
Robert Eriksson: Kvart år blir det betalt ut store beløp i trygdeytingar frå folketrygda til personar som er busett i utlandet. Som det går fram av regjeringa si politiske plattform, vil regjeringa:”Vurdere tiltak som kan begrense og stanse trygdeeksport, men innenfor de internasjonale avtalene Norge er bundet av.”Eg har derfor bede departementet sjå nærare på alle dei norske trygdeytingane, for å klarleggje kva handlingsrom dei internasjonale avtalene Noreg har inngått gir.Det er likevel ikkje aktuelt å redusere den retten pensjonistar har til å få sin norske pensjon i utlandet. Dette er ytingar som blir opparbeidde gjennom langvarig busetjing og yrkesaktivitet i Noreg. Dei ytingane representanten Bjørdal nemner i spørsmålet sitt er av ein heilt annan karakter. Eg har bede om at dette arbeidet blir gjennomført så raskt som mogeleg, men det er for tidleg å seie når konklusjonane vil vere klare og kva desse vil gå ut på.