Kjersti Toppe (Sp): Helse Bergen vil søkje om ein prøveordning med heroinassistert behandling som del av Handlingsplan mot opne russcener i Bergen. Ola Jøsendal i Helse Bergen viser til at nye rapportar om heroinassistert behandling er kommen i haust: ein artikkel i tidskriftet British Journal of Psykiatry (BJP) og ein evalueringsrapport frå Den Danske Sundhetsstyrelsen (jfr.BT 7/1-14) .
Vil Helse- og omsorgsministeren gjere ein nasjonal, fagleg gjennomgang av dei nye rapportane om heroinassistert behandling som Helse Bergen viser til?
Begrunnelse
I Meld.St.30(2011-2012) Se meg! blei det diskutert omkring heroin som behandling for opiatavhengige med omfattande hjelpebehov. Stoltenbergutvalet , som fekk i oppdrag å komme med forslag til tiltak overfor dei mest hjelpetrengande, var delt i synet på eit prøveprosjekt som opnar for at heroin kan inkluderast i LAR. Fleirtalet i utvalet gjekk for eit tidsgrensa prøveprosjekt, medan mindretalet la vekt på at tungt opiatavhengige ikkje trong eit nytt medikament i tillegg til dei tilgjengelige, men oppfølging i eit betre utbygd støtteapparat. I høyringa uttalte 75 høyringsinstansar seg om heroin i behandling. Av desse var det 14 som var for og 61 som var i mot.
Det vart også arrangert ein konsensuskonferanse for å drøfte faglege, etiske og prioriteringsmessige sider ved forslaget om å tilby heroinassistert behandling. Kunnskapssenteret fekk i oppdrag å utarbeide ein kunnskapsoversikt.
På denne bakgrunn fann den raudgrøne regjeringa, etter ein samla vurdering , at det ikkje var godt nok fagleg grunnlag for å innføre ei prøveordning på det dåverande tidspunkt, men at det ville vere viktig å følgje med på utviklinga internasjonalt.
Stortinget slutta seg til dette.
Underteikna er einig med helse- og omsorgsministeren som har gitt signal om at det ikkje vil bli opna for eit prøveprosjekt med heroinassistert behandling, slik Rusmeldinga også seier. Men underteikna meiner det kan vere riktig å få gjort ei nasjonal, fagleg vurdering av dei rapportane som Helse Bergen viser til i sin søknad.