Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:880 (2013-2014)
Innlevert: 30.05.2014
Sendt: 02.06.2014
Besvart: 03.06.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva er status for departementet sitt arbeid med utdanningskrava omtalt i vaktvirksomhetsloven § 19 (1), jf. 9, og når kjem forskrifta?

Begrunnelse

I vaktvirksomhetsloven står det i § 19 (1), jfr. § 9 at departementet skal gje forskrift om krav til utdanning. Denne presiseringa trådde i kraft i 2011.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Justis- og beredskapsdepartementet fastsatte reglar om utdanningskrava i forskrift 28. mars 2011 nr. 337 om vaktvirksomhet (vaktvirksomhetsforskriften), kapittel 3 Utdanning. Reglane vart justert ved forskrift 20. mars 2013 nr. 323 om endringer i vaktvirksomhetsforskriften. Forskrifta har soleis oppdaterte reglar om utdanningskrav, men desse kan ikkje settast i kraft før Politidirektoratet har fastsett ein meir detaljert læreplan, jf. vaktvirksomhetsforskriften § 7 andre ledd og §§ 50 og 51 om ikraftsetting og overgangsreglar.
Politidirektoratet fekk i oppdrag å fastsette ein detaljert læreplan innan utgangen av 2013, slik at forskrifta kapittel 3 om opplæring kan tre i kraft. Direktoratet har ikkje enno fått laga ein slik læreplan. Departementet har gjeve direktoratet beskjed om å prioritere dette arbeidet.