Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1131 (2013-2014)
Innlevert: 22.08.2014
Sendt: 22.08.2014
Besvart: 27.08.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til høyringa om "et enklere tiltakssystem tilpasset brukernes behov". Høyringsfristen gjekk ut 4.august. Det har kome inn eit overveldande fleirtal av uttalar som er kritiske til departementet sitt forslag om anbodsutsetjing av fleire arbeidsmarknadstiltak.
Vil statsråden gjennomføre desse kontroversielle forslaga som ei forskriftsendring, og når planlegger han i så tilfelle å gjennomføre denne, eller vil statsråden følgje råda i høyringssvara og ta desse forslaga inn i den komande stortingsmeldinga?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Eg går no gjennom høyringssvara. Etter gjennomgangen vil eg konkludere når det gjeld utfallet av høyringa og den vidare prosessen. Seinare i haust vil eg leggje fram ei stortingsmelding om arbeidsmarknadspolitikken.