Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:129 (2014-2015)
Innlevert: 27.10.2014
Sendt: 28.10.2014
Besvart: 06.11.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): I kva grad og på kva måte ser justisministeren for seg at Politidirektoratet sitt nye situasjonssenter vil ha eit operativt oppdrag?

Begrunnelse

Statssekretær Hans Røsjorde skriv i eit skjermbrev til Aftenposten, jf. 23. oktober, mellom anna:

"I løpet av neste år skal Politidirektoratets nye situasjonssenter stå ferdig. Det vil styrke Politidirektoratets beredskap og krisehåndtering".

Dette kjem som svar på spørsmål knytt til om ein i framtida kjem til å trenge ein nasjonal politioperativ sentral eller ikkje. ABC Nyheter skriv òg om saka, og påpeikar at dette sitatet er et ein blåkopi av det pressevakta i Politidirektoratet nett hadde meldt dei som direktoratet sitt standpunkt. Det kan ein forstå slik at politisk leiing i Justisdepartementet anten er heilhjarta samde med Politidirektoratet i at det nye situasjonssenteret der vil kunne vere, heilt eller delvis, til erstatning for eller overlappande med ein nasjonal politioperativ sentral. Eller at politisk leiing her er ukritisk til ein slik tanke.
Framlegget om ein nasjonal politioperativ sentral kom etter at Gjørv-kommisjonen NOU 2012: 14 peika på behovet for eit nasjonalt senter som betre kan koordinere samhandling ved hendingar som finn stad i fleire distrikt. Dette vart fylgt opp i Meld. St. 21 (2012-2013), og er forankra i Stortinget.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Utgangspunktet for ansvarsdelinga i politiet er at politidistrikta skal handtere dei operative oppdraga. Departementet arbeider no med ei reform av politiet, som bl.a. har som mål å gjere politidistrikta større og meir robuste. Eit mogeleg utfall av dette arbeidet kan vere at operasjonssentralane vert meir robuste enn dei sentralane vi har i dag. Situasjonen vert difor vesentleg annleis enn det bilete som 22. juli-kommisjonen sin rapport teiknar opp. Politidirektoratet sitt situasjonssenter skal i hovudsak syte for at direktoratet har kjennskap til aktuelle hendingar i distrikta. Politidirektoratet kan gjennom sitt situasjonssenter både yte hjelp til, men også overprøve operative avgjerder i det einskilde politidistrikt. Ved særskilde hendingar skal situasjonssenteret også ta hand om direktoratet si operasjonelle rolle. Senteret vert då eit viktig støtteelement til politidirektøren sitt arbeid. Når avgjerd om ny politireform er gjort, kan ein eventuelt vurdere spørsmålet om trongen for nasjonal skalerbar operasjonssentral på nytt.