Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:586 (2014-2015)
Innlevert: 10.02.2015
Sendt: 11.02.2015
Besvart: 18.02.2015 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil statsrådet styrke informasjonsarbeiet til LNU i samband med gjennomføring av forsøksordning med stemmerett for 16 åringar ved valet i 2015?

Begrunnelse

Kommunal- og moderniseringsdepartementets har delt ut fem millioner kroner til informasjonstiltak retta mot unge veljarar føre kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015.
Ein av mottakarane var Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) som fekk 250 000 kroner for å spreie informasjon om forsøk med stemmerett for 16 og 17-åringar i 20 kommunar over heile landet.
LNU søkte om 500 000 kroner som skulle nyttast til informasjonsarbeid i 10 kommunar. Tildelinga på 250 000 kroner har gjort at det no er tvil om prosjektet kan realiserast.
Forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar er eit viktig tiltak for å utvide demokratiet og sikre større deltakelse i val. Tidlegare forsøk vart videreført for lokalvalget i 2015, for å få eit breidere erfaringsgrunnlag.
I evalueringa av forsøk med stemmerett for 16-åringer i valet i 2001 (Institutt for samfunnsforskning 2014:1), vart LNU og Barneombudet framheva som viktige nasjonale aktørar som bisto kommunane med faglig påfyll og praktisk bistand, og det vart konkludert med at kommunar som nytta desse ressursene i tillegg til lokale ressursar greidde å mobilisere fleire unge veljarar enn andre kommunar.
Av omsyn til den vidare evalueringa er det difor viktig at informasjonsprosjektet vert gjennomført, og at det omfatter alle forsøkskommunane.
Ved valet i 2015 står det viktige informasjonsarbeidet til LNU i fare, ved at organisasjonen berre mottok kr 250 000 som skal fordelast på informasjonsprosjekt i 20 kommunar. Til samanlikning fekk LNU kr 988 000 i støtte i 2011.
LNU har erfaring med informasjonsarbeid, og var ein av to viktige nasjonale aktørarer ved valet i 2001. Når ein veit at dette arbeidet hadde effekt i form av auka mobilisering av unge veljararar er det svært alvorleg når det no er uvisst om prosjektet kan realiserast.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: 108 organisasjonar søkte om tilskot for ein sum i overkant av 23 millionar kroner til informasjonstiltak ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015. Beløpet til fordeling var 5 millionar kroner. Departementet har godkjent 27 av søknadene, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner var blant dei.
Tilskottsordninga for informasjonstiltak har som formål å auke veljarane sin kunnskap om val og å auke valdeltakinga. Ordninga er ikkje bare retta mot ungdom, men også innvandrarar og veljarar med behov for informasjon som er særleg lagt til rette. Ordninga kjem i tillegg til det generelle informasjonsarbeidet Kommunal- og moderniseringsdepartementet og 428 kommunar gjer for å informere veljarane om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015.
Ved tildeling av tilskot til informasjonstiltak ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 fekk Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner 250 000 kroner for å informere om kor viktig det er å bruke røysteretten og å spreie informasjon om forsøket med nedsett røysterettsalder i alle 20 forsøkskommunane med nedsett røystealder. Totalt blei det søkt om 500 000 kroner. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner har i sin søknad opplyst at tiltaket kan gjennomførast sjølv om dei berre får tildelt delar av tilskottsbeløpet.
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner hadde ein todelt søknad, kor dei fekk innvilga den delen som retta tiltaka mot forsøket med nedsett røystealder. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ikkje gitt støtte til den delen som omhandla ein nasjonal informasjonskampanje for å få unge til å røyste. Vår vurdering er at dette tiltaket er relativt kostnadskrevjande samanlikna med andre søkjarar som har mål som kan samanliknast. Kommunal- og moderniseringsdepartementet meinar derfor at den delen av søknaden som Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner ikkje fekk innvilga blir ivaretatt av andre tilskotsmottakarar.
Eg meiner at Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjort ei god samla prioritering av tilskotsmidlane som vil kunne gi god effekt.