Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:679 (2014-2015)
Innlevert: 25.02.2015
Sendt: 25.02.2015
Besvart: 04.03.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan justis- og beredskapsministeren som regjeringa sin samordningsminister for sivil beredskap stadfeste at regjeringa sin politikk ikkje er å samlokalisere AMK-sentralane med alarmsentalane for politi og brann så framt det ikkje er eit uttykt ynskje om dette frå lokalt hald, og at regjeringa dermed ikkje kjem til å foreslå slike sentraliseringar av AMK-sentralane?

Begrunnelse

I regjeringa og Venstre sitt forlik om politireforma ligg ei sentralisering av politimeisteren i Sogn og Fjordane til Bergen. Politiet sin operasjonssentral er også tenkt flytta og i forliket er det sagt at 110-sentralane for brann skal samlokaliserast med desse, samt at det skal leggjast til rette for at AMK-sentralane også kan flyttast. I etterkant av at forliket vart offentleggjort har det pågått ein diskusjon i Sogn og Fjordane om kva som eigentleg er tenkt for AMK-sentalane.
Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn sa til NRK Sogn og Fjordane måndag 23.02 at ein ikkje kunne tolke forliket mellom regjeringa og Venstre slik at AMK-sentalen i Sogn og Fjordane skulle sentraliserast til Bergen saman med 112- og 110-sentalane. Seinare same dag uttala statssekretæren i regjeringa sitt samordningsdepartement for beredskap seg om saka, og var tydeleg på at regjeringa sitt mål er å sentralisere og samlokalisere alle sentralane for å få meir ut av dei samla ressursane.
Poenget er at ein ynskjer i størst mogleg grad å få til ei samlokalisering, for på den måten å få størst mogleg effekt ut av større einingar, sa statssekretær Hans J. Røsjorde til NRK Sogn og Fjordane.
Tysdag 24.02 om ettermiddagen kom det ein slags kontrabeskjed frå Helse- og omsorgsdepartementet sin statssekretær.
Anne Grethe Erlandsen (H) sa då at det er friviljug å slå seg saman.
Her er det ingen tvang. Det som er viktig er at nokre stader har dei prøvd ut dette og har gode erfaringar, men det vil vere avhengig av lokale forhold og det må vi ha respekt for, sa ho til NRK.
Desse sprikande signala for regjeringa har gitt grunnlag for uro, og det er viktig å få slått fast kva som er regjeringa sin heilskaplege og samla politikk på dette feltet.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Det er regjeringa si målsetjing å samlokalisere naudmeldesentralane til brann- og redningsetaten med naudmeldesentralane til politiet. Dei nye sentralane vil bli klargjorte slik at det vil vere mogeleg at AMK-sentralane kan bli plassert same stad om det er eit ønske.
Eg viser og til anbefalingane frå «Nasjonalt nødmeldingsprosjekt».
Dersom representanten ynskjer meir informasjon om organisering av AMK-sentralane, ber eg om at spørsmål vert retta til helse- og omsorgsministeren.