Skriftlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:748 (2014-2015)
Innlevert: 12.03.2015
Sendt: 13.03.2015
Besvart: 25.03.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): På kva måtar kan Nav hjelpe uføretrygda til å bruke restarbeidsevna si, og er det slik at uføretrygda ikkje kan få hjelp frå Nav dersom dei har brukt opp retten til arbeidsavklaringspengar og fått innvilga uføretrygd?

Begrunnelse

Fleire i arbeid og færre på trygd er eit uttalt politisk mål, og føresetnaden for ein berekraftig velferdsstat. Uførereforma blei innført 1. januar 2015 blant anna for at det skal bli lettare å kombinere arbeid med trygd.

Underteikna har blitt informert om ei kvinne på full uføretrygd som ønskjer å ta i bruk si restarbeidsevne. Kvinna arbeidde deltid i fleire år i tillegg til at ho mottok 50 prosent arbeidsavklaringspengar (AAP). Då ho ikkje kunne motta AAP lenger, blei ho innvilga full uføretrygd i 2013. Kvinna er høgt utdanna innan helse- og omsorgssektoren som er eit område der det er mangel på arbeidskraft. Ho har også eit sterkt ønske om å gradvis kome tilbake til arbeidslivet. I fyrste omgang i ei redusert stilling, men på sikt kan ho kanskje arbeide i ei full stilling. Ho treng hjelp og stønad til å kome tilbake i jobb. Ho har derfor fleire gonger kontakta det lokale NAV-kontoret sitt for å be om hjelp til å finne eit eigna arbeid. Der har ho kvar gong fått melding om at ho har fått innvilga full uføretrygd og at det ikkje er noko meir dei kan hjelpe henne med. Dette er grunngjeva med at ho har «brukt opp» retten til AAP

Terskelen kan vere høg for å kome inn i arbeidslivet etter fleire år heilt og delvis utanfor arbeidslivet. Det bør likevel vere til det beste både for samfunnet og for den einskilde at vi har eit tilbod som også hjelper allereie uføretrygda som ønskjer det å bruke restarbeidsevna si, og redusere uføregraden sin om det er medisinsk riktig. Underteikna er redd for at uførereforma blir mislukka dersom vi ikkje klarer å hjelpe folk som ønskjer det tilbake i arbeid. Det er verken til samfunnet eller den enkelte sitt beste.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: For rett til uføretrygd er det eit krav at inntektsevna er varig nedsett med minst halvparten på grunn av varig sjukdom eller skade. Personar som har tapt heile inntektsevna, får heil uføretrygd. Med endringane i regelverket som blei iverksett 1. januar 2015 er det lagt betre til rette for at uføretrygda kan arbeide. Dette gjeld særleg for personar med varierande arbeidskapasitet. Fram til 2015 var det slik at når inntekta vart høgare enn 1 G, vart uførepensjonen vurdert på nytt. Det vart fastsett ei ny uføregrad på grunnlag av all arbeidsinntekt, inkludert friinntekta, som pensjonisten hadde ved sida av uførepensjonen. Dette kunne få store økonomiske konsekvensar for den einskilde. Arbeids- og velferdsdirektoratet har orientert meg om at tilsette i etaten difor var varsomme når dei skulle gje råd om samtidig mottak av uførepensjon og inntekt.

Det nye regelverket er mykje betre tilpassa for at uføretrygda skal kunne arbeide. Det vil med nytt regelverk alltid vere meir å tjene på å arbeide samanlikna med å få trygd. Med nye reglar får ikkje uføretrygda sett ned uføregraden, sjølv om dei i perioder har inntekt over inntektsgrensa. Ny uføretrygd vert også skattlagt som løn, noko som gir betre oversikt når ein har uføretrygd og løn samstundes.

I Prop. 39 L, som er til behandling i Stortinget, kjem Regjeringa med framlegg om tiltak som kan inkludere fleire i det ordinære arbeidslivet. Auka bruk av mellombels tilsetjing, auka bruk av lønstilskot og innføring av bindande garanti- eller avtaleordningar mellom arbeids- og velferdsforvaltninga, er døme på virkemiddel som kan redusere den økonomiske og sosiale risikoen som arbeidsgjevar tek på seg ved å tilsette personar med usikker arbeidsevne.

Etter §14 a i NAV-lova skal alle som søkjer om arbeid få rett til ei drøfting av om dei treng hjelp for å halde på eller skaffe seg arbeid. Personar som treng hjelp, har rett til å få ein aktivitetsplan. I sjølve vurderinga blir det tatt omsyn til dei tiltak som vart gjennomførte før det vart fatta vedtak om uføretrygd. Uføretrygda kan altså få arbeidsretta tiltak frå Arbeids- og velferdsetaten. Det er ein føresetnad at det er rimeleg utsikt til at uføretrygda skal bli redusert eller falle bort. Det må med andre ord vere nye opplysingar frå den som søkjer arbeid som tyder på at arbeid er eit mogeleg utfall, før arbeidsretta tiltak vert vurdert. Dette går fram av etaten sitt rundskriv til kapittel 12 i folketrygdlova. Uføretrygda som er på eit arbeidsretta tiltak kan også få dekt utgifter knytta til deltaking på tiltaket etter folketrygdlova § 11-12.

Det er ikkje grunnlag for å seie noko om kor mange uføretrygda som tek kontakt med Arbeids- og velferdsetaten og ber om hjelp til å kome i arbeid. Uføretrygda som søkjer arbeid og kontakter etaten, har i utgangspunktet samme rett til hjelp som andre som søkjer arbeid. Arbeidsmetodane i NAV-kontor er lagt til rette for å gje eit godt tilbod også for uføre som søkjer arbeid. Når ein uføretrygda tek kontakt med NAV-kontoret for å søke arbeid, skal tilsette gi råd og rettleiing om mogeleg arbeid, rettleie vedkommande til å registrere seg som arbeidssøkar, oppdatere CV og svare på kartleggingsspørsmål. Med bakgrunn i kartlegginga skal det gjerast ei ny vurdering av behov som skal danne grunnlag for eit eventuelt vedtak om oppfølging. Det er som nemnt likevel ein føresetnad at det er rimeleg utsikt til at arbeid er eit mogeleg utfall, slik at uføretrygda vert mindre eller fell bort.