Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:809 (2014-2015)
Innlevert: 26.03.2015
Sendt: 26.03.2015
Besvart: 13.04.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa legge fram ei sak om bruken av konkurranseklausular i tilsetjingskontraktar?

Begrunnelse

Ein konkurranseklausul er ei avgrensing i tilsetjingskontraktar om kor lang tid det kan gå før ein tilsatt som sluttar tek jobb hjå ein konkurrent. Det har blit peikt på fleire veikskapar med bruken av slike klausular, som i dag er regulert av avtl. § 38. Mellom anna er det ingen rammer for kor lenge slike klausular kan gjelde, og det er ingen automatikk i at den tilsatte blir kompensert i karanteneperioden. Dessutan kan ein stille spørsmål ved om den relativt vidfemnande bruken av slike klausular eigentleg står i stil med det reelle behovet.
Saka vart utgreia av advokatfirmaet Hjort og sendt på høyring av departementet i 2010. Regjeringa Stoltenberg varsla i juni 2013 at det ville kome forslag om lovendring. Den varsla endringa vart aldri lagt fram.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Eg viser til at regjeringa 27. mars 2015 fremma forslag til Stortinget om regulering av høvet til å inngå konkurranse-, kunde- og rekrutteringsklausular i arbeidsforhold, Prop. 85 L (2014-2015) Endringer i arbeidsmiljøloven og avtaleloven (konkurransebegrensende avtaler i arbeidsforhold). Det er målet til regjeringa å unngå unødvendig bruk avtaler som innskrenkar konkurransen og som kan hindre mobilitet i arbeidsmarknaden og fridomen til arbeidstakaren til å skifte arbeid. Regjeringa vil derfor leggje til rette for ein best mogeleg bruk av arbeidskrafta. Det er fleire utfordringar med dei gjeldande reglane på området. Det er mellom anna ingen rammer for kor lenge slike klausular kan gjelde, og det er ikkje noko krav til at arbeidstakaren skal bli kompensert i karanteneperioden. Regjeringa foreslår mellom anna at konkurranseklausular berre skal gjelde i eitt år, og arbeidstakaren skal ha kompensasjon.