Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1000 (2014-2015)
Innlevert: 19.05.2015
Sendt: 20.05.2015
Besvart: 26.05.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til at ein samla arbeids- og sosialkomité i innstillinga til statsbudsjettet for 2015 stilte seg bak følgjande merknad: «Komiteen viser også til at det hittil i 2014 er gjennomført noe færre tiltaksplasser enn det var åpnet for. Komiteen forutsetter at regjeringen følger nøye med på gjennomføringen av arbeidsmarkedstiltakene slik at Stortingets mål for 2015 blir nådd.»
På kva måte har statsråden følgt opp denne merknaden, og korleis jobbar regjeringa for å få bort underforbruket av tiltaksplassar i Nav?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: I tildelingsbrevet frå departementet til etaten for 2015 er det lagt vekt på at tiltaksgjennomføringa skal liggje innanfor dei budsjettrammene og styringskrav som er vedtekne av Stortinget.
Departementet følgjer utviklinga nøye når det gjeld gjennomføring av det vedtekne tiltaksnivået. Det skjer både gjennom skriftleg rapportering og gjennom møte med etaten. Departementet sikrar seg rask og oppdatert informasjon om utviklinga ved kvar månad å be om ny informasjon om talet på tiltaksplassar som er i bruk. Dette kjem i tillegg til dei ordinære rapportane som kjem kvar fjerde månad frå etaten.
Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å trappe opp tiltaksnivået med 1 000 nye tiltaksplassar slik at arbeidsledige lettare skal kome i arbeid. For å sikre at dette vert gjennomført etter planen, vil departementet følgje nøye med på denne utbygginga av nye plassar.