Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Det foregår for tida svært mange utgreiingar og tunge endringsprosessar i det norske forsvaret. I sum vil dei leie fram til beslutningar som kjem til å endre forsvaret grunnleggjande, med konsekvensar for lang tid.
Kven ivaretek heilskapen i alle desse prosessane, og korleis?
Begrunnelse
Omfanget av pågåande utgreiingar og endringsprosessar i forsvarssektoren er for tida stort. Dei omfattar mellom anna endringar i Lov om personell, ny ordning for militært personell (befalsordning), tiltak etter McKinsey-rapporten, Forsvarssjefens fagmilitære råd (FMR), NSM sikkerhetsfaglig råd, realiseringa av ekspertgruppe for Forsvaret av Norge sin rapport «Et felles løft», etableringa av ein ny etat for materiell og materiellinvesteringer og ikkje minst den grunnleggjande utfordringa – samanhengen mellom forsvarsstruktur og kapasiteter, oppgåver, bemanning og trening samt økonomiske ressursar. Det er viktig at heilskapen i dette kjem klart fram for besluttande organ i forsvarssektoren, regjering og Stortinget.