Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1231 (2014-2015)
Innlevert: 26.06.2015
Sendt: 29.06.2015
Besvart: 12.08.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva er status for planlegging av Transportkorridor Vest, og er det rett at utlysing av anbod for fyrste del av vegen ikkje vert gjort fordi det manglar løyving av midler til prosjektet?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Transportkorridor vest omfattar rv 509 frå Sømmevågen vest til Sundekrossen og fv 409 vidare til kryss med E39 på Finnestad. I følgje Statens vegvesen ligg det føre vedtatt reguleringsplan for området ved Sola skule, og byggeplanlegging pågår. Reguleringsplan for strekninga vidare frå Sola skule til Sundekrossen er sendt Sola og Stavanger kommunar for førstegongs behandling, og det er venta at godkjent reguleringsplan vil ligge føre rundt årsskiftet 2015-2016. Planarbeidet for fylkesvegstrekninga er også starta opp.

Transportkorridor vest ble ikkje prioritert av førre regjering i Nasjonal transportplan 2014-2023, noe eg antar representanten Pollestad er kjent med siden han var statssekretær i regjeringa Stoltenberg II.

Tiltak på rv 509 mellom Sømmevågen og Risavika er vurdert som aktuelle innafor ein evt. bymiljøavtale, jf. Meld. St. 26 (2012-2013), side 175. Det er likevel starta byggeplanlegging for området ved Sola skule, fordi Statens vegvesen har vurdert det som ressurssparande at dette arbeidet blir handtert av prosjektorganisasjonen som er etablert for oppfølging av prosjektet rv 509 Sømmevågen. Det handler om å jobbe meir rasjonelt og heilhetlig framfor stykkevis og delt. Anleggsarbeida på dette prosjektet starta i juni 2014, og prosjektet skal etter planen opnast for trafikk i 2017. Det er derfor rett at ein del av Transportkorridor vest vil kunne vere klar for utlysing før det ligg føre midlar til gjennomføring. For prosjektets totalitet er denne tilnærminga ressursbesparande.

Regjeringa jobber aktivt med å byggje meir veg, raskare betre og billigare. Fleire vegprosjekt er framskunda etter regjeringsskiftet, og vegreforma som Stortinget behandla i juni 2015, legg opp til fleire grep for å byggja meir veg. Nokre grep skjer i dei årlege statsbudsjetta, medan andre vil komme som større satsingar i neste Nasjonale transportplan 2018-29.