Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva Regjeringa vil gjere for hindre at konsekvensen av ny legevaktforskrift er sterk sentralisering av legevaktberedskap, og kan statsråden gjere greie for om Tysnes kommune vil kunne fortsette med eiga legevakt også i åra framover?
Begrunnelse
Tysnes kommune er ein kommune med 4 delt legevakt, der nokre av fastlegane bur i Bergen. Dersom ein i tillegg til 4 delt vakt, også skal påleggast å vere tilstadeverande bakvakt for turnuskandidatar på legevakt, vert det vanskeleg å vidareføre eiga legevaktordning i kommunen. Problemet er at sentralisering til Stord vil gjere reisetida uhaldbar lang, når ein snakkar om tilstandar som hastar.