Sveinung Rotevatn (V): Vil klima- og miljøministeren ta initiativ til å greie ut korleis Noreg kan bidra til å redusera miljøskade frå bomullsindustrien, til dømes gjennom ei miljøavgift differensiert etter mengda vatn og kjemikaliar som vert nytta i produksjonen?
Begrunnelse
Ifølgje Institute for Sustainable Communication (ISC) er tekstilindustrien ansvarleg for omlag 20 prosent av vassforureininga i verda. Til saman 72 ulike giftige kjemikaliar blir spreidde i naturen som følgje av farging av tekstilar. Bomullsindustrien er den største jordbruksindustrien som ikkje handlar om matproduksjon, og den nyttar store mengder dyrkbar jord og vatn. For å dyrke ein kilo bomull treng ein 20 000 liter vatn. Ein kilo bomull er nok til ei t-skjorte og eit par jeans.
Vi har allereie mangel på reint drikkevatn mange stadar i verda, og problemet veks raskt. Bomullsproduksjon fører også til utslepp til overflatevatn, og utsleppa går ikkje alltid gjennom reinseanlegg. Dermed vert drikkevatn og grunnvatn forureina, og giftige kjemikaliar vert sluppe ut i naturen. Resultatet av utsleppa via vatn, er at organisk liv døyr, og dei giftige elementa kjem inn i matkjeda. Rester av giftige og kreftframkallande sprøytemidlar er funne i drikkevatn over heile India.
Også handsamingen av bomullsfibrane har skadelege effektar. Bleiking skjer ofte med klor, og fargestoffa kan innehalde tungmetallar som koppar og krom. Fargestoffa kan også vere allergiframkallande, eller ha kreftframkallande eller reproduksjonsskadeleg effekt.