Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:192 (2015-2016)
Innlevert: 12.11.2015
Sendt: 12.11.2015
Besvart: 19.11.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Meiner statsråden at Noreg si noverande tilknyting til Europol ikkje gir norsk politi gode arbeidsforhold, og vil han i så fall gjere noko for å betre ein situasjon som han ikkje ser som tilfredstillande?

Begrunnelse

Underteikna stilt statsråden spørsmål om han kunne stadfeste at politiet i Noreg i dag ikkje har tilhøve som sikrar etaten sine tilsette gode arbeidsvilkår, og kva han meinte Noreg burde gjere med dette.
I svaret sitt viser statsråden til at samanlikna med EU sine medlemsland arbeider politiet i land med berre ei tilslutningsavtale mindre tett på sentrale deler av Europol si samla verksemd.
Det er like fullt ynskjeleg med eit svar på om statsråden meiner at Noreg si noverande tilknyting til Europol ikkje gir norsk politi tilfredstillande arbeidsvilkår.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Eg syner til svaret eg ga 11. september i år på skrifteleg spørsmål nr. 1410. Med bakgrunn i den faktiske situasjonen eg gjer greie for der er det mi klåre oppfatning at norsk politi har gode arbeidstilhøve for så vidt gjeld verksemda i Europol. Noreg forhandla seg i 2001 fram til ei så god samarbeidsavtale med EU om politiet si tilknytning til Europol som det var mogleg å få.
Gjennom avtala kan norsk politi få informasjon av stor verdi for arbeidet vårt mot alvorleg og organisert kriminalitet. Det tek noko lengre tid å skaffa informasjonen til veie for oss enn for politiet i medlemslanda, og vi er ikkje med på all aktivitet i Europol slik som dei er. Men når utgangspunktet er at vi ikkje er EU medlem har vi, i vår samarbeidsavtale, fått gode arbeidstilhøve for politiet i Europol.