Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:193 (2015-2016)
Innlevert: 12.11.2015
Sendt: 13.11.2015
Besvart: 17.11.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Underteikna føreset og ber om å få stadfesta at intervjuet med NRK ikkje får nokon konsekvensar for tilsetjingstilhøvet til Grenseinspektøren ved Grensekommissariatet og at det ikkje vert sett i verk nokon sanksjonar mot han.
Dersom det blir vurdert tiltak, kan eg be om å få opplyst om det er vudert at vedkomande er omfatta av det særskilde varslingsvernet i arbeidsmiljølova?

Begrunnelse

I eit intervju med NRK tysdag 10. november fortel Grenseinspektøren ved Grensekommisariatet at russiske styresmakter i offisielle møte sjølve har føreslått ei løysing på situasjonen ved Storskog, der Noreg ville unngått asylstraumen over grensa. Grenseinspektøren ved Grensekommissariatet fryktar at han kan miste jobben for det han no har stått fram med.

Innspelet frå grenseinspektøren har vore eit nyttig tilskot til debatten om den særs krevjande situasjonen ved Storskog.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Eg vil be om forståing for at eg ikkje kan gå inn i eller kommentere einskildsaker om tilsette i politi- og lensmannsetaten. Eg har fått opplyst av Grensekommissæren at den konkrete varslingssaka er og vert handsama i samsvar med dei rutinar som gjeld for slike saker.