Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere om det er riktig, slik det står i Klassekampen 25/11-15, at anestesiberedskapen på Nordfjord sjukehus er redusert til ein lege som er på vakt døgnet rundt i 7 døgn om gangen, at legestillinga er dekt av ein vikarstafett beståande av utanlandske vikarar og sidan sjukehuset ikkje lenger har akuttkirurgisk beredskap, så har denne legen ingen planlagde oppgåver men kostar ca. 3 million berre i lønstilskot?
Begrunnelse
Viser til framlagte Nasjonal helse- og sykehusplan der Nordfjordmodellen blir trekt fram som ein modell for organisering av andre sjukehus andre stader i landet og til lesarinnlegg i Klassekampen 25/11- 15 der desse opplysningane kjem fram. Sidan Nordfjord og prosjekt Framtidas lokalsjukehus blir trekt fram, er det viktig for Stortinget å vite korleis slike sjukehus utan akuttkirurgisk beredskap faktisk rekrutterer fagfolk.