Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa innføre krav om kommunale akuttplassar og betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling og psykisk helsevern allereie frå 1. januar 2017, kor mange nye bustadar og bustadstilbod manglar/må opprettast i kommunane i år for å ta imot dei utskrivingsklare pasientane frå nyttår, kor mange nye årsverk må opprettast for å sikre eit forsvarleg fagleg tilbod i kommunane og kor mykje vil dette koste kommunesektoren?
Begrunnelse
Viser til dokument nr.15:718(2015-2106), svar på skriftleg spørsmål frå underteikna på om regjeringa har oversikt over kor mange bustader som manglar nasjonalt til pasientar som er under behandling i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. I svaret frå statsråden kom det ikkje noko konkret svar på dette. Samstundes er det regjeringa sin plan å innføre betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan rus og psykisk helse i 2017. Bustad er den fremste faktoren som i dag hindrar utskriving til kommunane. Innføring av batalingsplikt og oppretting av kommunale akuttsenger innan rus - og psykiatri allereie i januar 2017 vil etter spørsmålsstillaren sitt syn vere fagleg og politisk uansvarleg dersom det skjer utan at kommunane har hatt sjanse til å bygge ut sitt tilbod i forkant.